Hopp til innhold

Bli vår nye avdelingsoverlege!

Arbeidsgiver

Medisinsk mikrobiologi, Haugesund Sjukehus

Sted

Karmsundsgata 120, 5528 Haugesund

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsoverlege
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 23. september

Er du vår nye avdelingsoverlege innan medisinsk mikrobiologi?

No styrkar vi teamet vårt og ser etter ny avdelingsoverlege. Vi søkjer deg som har interesse for fagutvikling og teamarbeid. Legar under siste del av spesialisering er oppmoda til å vise interesse. 

Medisinsk mikrobiologi er ein del av Avdeling for laboratoriemedisin i Helse Fonna. Medisinsk mikrobiologi flytta i 2021 inn i nye og moderne lokaler, og er ein triveleg arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø og totalt 14 tilsette i drift, samt 2 overlegar pr dags dato. Vi har tatt i bruk ny avansert teknologi med stor grad av automasjon og digitale løsninger, og er i stadig utvikling.

Haugesund er ein by du kan oppleve noko av det beste Noreg har å by på. Regionen strekk seg frå det opne havet i vest til fjord- og fjellandskapet i aust. Her finn du både fjord, foss, fjell, idyllisk øysamfunn og ei unik vikinghistorie. Byen har eit rikt liv med fleire festivalar og moglegheit for aktiviteter som dykking, sandvolley og surfing. Haugesund ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og det er god transport mellom byane.

Vil du vere med på laget? Vi ser fram til å høyre frå deg! 😊


Kva går jobben ut på?

Hos oss får du blant anna jobbe med:

  • Medisinskfagleg rådgjeving til avdelingsleiinga og andre samarbeidspartnarar.
  • Fagleg ansvar for kvalitet, diagnostikk, prosedyrar og kontinuerleg forbetringsarbeid innan medisinsk mikrobiologi.
  • Bidra til kompetanseutvikling, rettleiing og opplæring av legar og anna fagpersonell.
  • Delta aktivt i fagutvikling, forsking og strategisk utviklingsarbeid i avdelinga.
  • Samarbeide med kliniske miljø og andre einingar for å sikre gode pasientforløp og høg fagleg kvalitet.
  • Delta i den diagnostiske verksemda innan mikrobiologi, inkludert innføring av nye metodar, nytt utstyr og nye tenestetilbod.

Kva kompetanse er viktig i rolla?

Vi ser etter deg som har: 

  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Spesialistgodkjenning i medisinsk mikrobiologi. LIS som har kort tid igjen til spesialitet kan og søke.
  • Søkjar må ha relevant sjukehuserfaring.
  • Søkjar må beherske norsk eller skandinavisk, skriftleg og munnleg, på høgt nivå.

🌟Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:  

  • bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • viser fagleg tryggleik, tillit og respekt
  • har gode samarbeidsevner
  • høg arbeidskapasitet

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du: 

  • Bli en del av eit fagmiljø i vekst - Du får ei sentral rolle i eit fagområde og ei avdeling som blir satsa på, med spennende moglegheiter for utvikling i åra som kjem.
  • Tett samarbeid på tvers av fagmiljø - Hos oss samarbeider du tett med klinikarar og andre spesialistar for å skape best mogleg pasientbehandling. 
  • Påverknad og utviklingsmoglegheiter - Du får høve til å bidra til fagutvikling, innføring av ny teknologi og videreutvikling av mikrobiologitenesta i regionen. 
  • Eit arbeidsmiljø der folk trivst - Vi er stolte av eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø prega av samarbeid, høg kompetanse og godt humør. 
  • Gode og føreseielege tilsetjingsvilkår - Løn etter gjeldande overeinskomst og gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP.

Kontaktinformasjon

Rita Danielsen Tyse, Avdelingsleiar Laboratoriemedisin, +47 48227403, rita.tyse@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundsgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5172058239
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.09.2026

Kontaktperson for stillingen

Rita Danielsen Tyse

Avdelingsleiar Laboratoriemedisin

+47 48227403

rita.tyse@helse-fonna.no

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f9a78fc2-e890-4d4f-af97-38a5446cc54b

Sist endret

9. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

039cf6a2bfba497f8c7137bf5e749158

Lignende annonser

Laster lignende annonser