Nysgjerrig på bransjen som forvaltar fornybar energi og likar å jobbe med tal? Sjekk denne jobben!
Sognekraft
Røysavegen 1, 6893 Vik i Sogn, Sogndal, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Økonomikonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 15. oktober
Sognekraft er eit konsern i vekst, som har ambisjonar om å utvikle dei flotte bygdene i Sogn. Me produserer kraft, overfører straum, leverer fiber til heimar og næring og tilbyr IKT tenester - kort sagt bidreg me til å utvikle heile regionen. Med brei aktivitet og solide dotterselskap har konsernet ein unik økonomikompetanse, og saman jobbar me målretta for ein berekraftig framtid der vi jaktar etter digitale løysingar på både enkle og viktige arbeidsprosessar.
Din arbeidskvardagPå økonomiavdelinga møter du eit kompetent team av kollegaer som samarbeider på tvers av fagfelt og selskapa i konsernet. Her er fleire med god erfaring, og me prioriterer å lære av kvarandre. Me utgjer økonomifunksjonen for alle selskapa i konsernet, fører rekneskap, jobbar med investeringar, finansiering, rådgjeving og rapportering. Du blir ein del av eit variert fagmiljø, der det er kort veg til meir ansvar og vidare utvikling.
Kvalifikasjonar og erfaringEr du nysgjerrig på å jobbe i ein bransje der tal og analyse er heilt avgjerande for å sikre framtida? Da vil me høyre frå deg! Me søkjer ein som:
-
Har bachelor eller helst master innan økonomi, revisjon eller rekneskap, gjerne med autorisasjon.
-
Har 5 års erfaring innan rekneskap eller økonomistyring -- kortare erfaring kan fungere for den rette kandidaten.
-
Har sterke analytiske evner, forretningsforståing, god interesse for digitale løysingar og høg brukarkompetnase.
-
Likar å finne løysingar på komplekse problemstillingar og trivast med å samarbeide tett med kollegaer og oppdragsgjevarar.
-
Motiverast av å kunne påverke og utvikle økonomiske prosessar i ein organisasjon med store ambisjonar.
Du trivast med å løyse utfordringar og ønskjer å spele på lag med dyktige kollegaer. Enten du har lang erfaring eller er tidleg i karrieren, bør du sjå dette som ein moglegheit til å utvikle deg i ein framtidsretta og viktig bransje. Grip sjansen -- søknaden din kan bli starten på ein spennande jobbkvardag. Kanskje er du vår nye nøkkelperson innan digitale prosessar i økonomifunksjonen?
Kontorplassen er i Vik eller Sogndal. Helst ønskjer me deg på nabokontoret i kvardagen, men kan vere open for at du treng å vere andre stader nokre arbeidsdagar. Som andre i kraftbransjen har me gode arbeidstidsordningar, forsikringar, pensjon og lønsvilkår. Fritidstilboda har du like utanfor kontordøra, på kort tid er du ved fjorden eller på 1000 høgdemeter og kan heile året boltre deg på tallause stiar og fjelltoppar, eller du kan oppsøkje det aktive kultur- og idrettslivet.
Er du nysgjerrig eller lurer på om du er kvalifisert? Me set pris på at du tek kontakt for ein uforpliktande og konfidensiell prat med økonomisjef Jon Arve Hatlevoll tlf. 916 32 837.
Før me ønskjer den rette kandidaten velkomen til oss, vil me gjennomføre ein bakgrunnssjekk og personkontroll i samsvar med kraftberedskapsforskrifta. Aktuelle kandidatar vil få nærare informasjon om dette.
Om bedriften
Vil du vere i ei verksemd i stadig vekst? Ha ein arbeidsgjevar som trur på framtida og torer å satse? Då er Sognekraft verksemda for deg.
I Sognekraft-konsernet er vi nærare 160 energiske medarbeidarar -- og vi vil bli fleire og gjerne fleire kvinnelege kollegaer!
På fritida likar vi å utfordra oss sjølve i denne enorme leikeplassen her i Sogn. Vi kosar oss i laussnøen, klatrar og klyv oppover fjellsidene, syklar og vandrar gjennom landskapet, og nyt gode dagar på verdas lengste og djupaste fjord.
Sognekraft skal utføre mange spennande utviklingsoppgåver dei neste åra. Vi skal utvikle straumnettet vårt for framtida. Ei framtid der vi tek høgde for klimaendringar og ekstremvêr, som set større krav til leveringstryggleik og kvalitet. Vi skal auke produksjonen vår av rein fornybar energi.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f97e2d83-7586-4e52-8c8b-295fda7783a9
- Hentet fra
FINN
- Referanse
428454775