Hopp til innhold

Seksjonsleiar - digital innovasjon og operasjonalisering

Arbeidsgiver

Seksjon for digital innovasjon og operasjonalisering, Finanstilsynet

Sted

Revierstredet 3, 0151 Oslo

Om jobben

Stillingstittel
Seksjonsleiar - digital innovasjon og operasjonalisering
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 10. august

Finanstilsynet søker framtidsretta leiar som vil ha ei nøkkelrolle i å utvikle og modernisere dei digitale løysingane våre.

Som seksjonsleiar for digital innovasjon og operasjonalisering får du ei sentral rolle i å vidareutvikle Finanstilsynets digitalisering, frå strategiske føringar til konkret gjennomføring.

Du vil leie ein seksjon med høg fagleg kompetanse, og samarbeide tett med både fag- og teknologimiljø på tvers av organisasjonen. Seksjonen består i dag av 13 medarbeidarar med bakgrunn innan arkitektur, utvikling og prosjektleiing. Seksjonen har ansvar for forvalting og vidareutvikling av sentrale eigenutvikla applikasjonar, og du vil ha påverke korleis teknologi blir tatt i bruk for å effektivisere og vidareutvikle tilsynsarbeidet. Som seksjonsleiar vil du ha personalansvar for medarbeidarane i seksjonen og inngå i leiargruppa til avdelinga. Du vil rapportere til direktør for digitalisering og rapportering.

I rolla vil du blant anna ha ansvar for å
  • leie, utvikle og følgje opp medarbeidarane og kompetansen til seksjonen
  • sikre stabil og sikker drift av Finanstilsynets eigenutvikla applikasjonar
  • drive fram sentrale digitaliseringstiltak og moderniseringsinitiativ
  • prosjektstyring på tvers av teknologimiljøet, forvalte delar av IT-budsjettet, gjennomføre IT-anskaffingar og sikre god leverandørstyrings
  • samarbeide tett med fagavdelingar om behov, prioriteringar og gevinstrealisering

Sentrale ansvarsområde

Seksjonen har ei nøkkelrolle i Finanstilsynets vidare modernisering, og arbeider blant anna med

  • utvikling og forvalting av felles løysingar og digitale tenester
  • overgang til skybaserte løysingar
  • koordinering av IT-utviklingsarbeidet på tvers av verksemda
  • prosjektkontor med ansvar for anskaffingar, økonomistyring og avtaleoppfølging
  • utvikling av metodar og rammeverk

Kven ser vi etter?

Vi ser etter ein leiar som kombinerer teknologiforståing, gjennomføringsevne og gode samarbeidsevner.

Du trivst i skjeringspunktet mellom fag og teknologi, og blir motivert av å skape resultat saman med andre.

Vi trur du har
  • relevant høgare utdanning på masternivå. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • leiarerfaring og/eller erfaring med å leie større prosjekt eller initiativ
  • erfaring med digitalisering, utvikling eller forvalting av IT-løysingar
  • god forståing for korleis teknologi kan brukast til å forbetre prosessar og tenester
  • svært gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar, og gode engelskkunnskapar
  • erfaring med offentlege anskaffingar og økonomistyring vil tilleggast vekt
  • erfaring frå offentleg sektor og/eller finansnæringa er ein fordel

 Stillinga krev at du kan sikkerheitsklarerast på nivå BEGRENSET.

Personlege eigenskapar

  • Du er ein tydeleg og motiverande leiar som skaper retning og engasjement.
  • Du evnar å få ting til å skje og sikre framdrift.
  • Du bygger gode relasjonar og samarbeider effektivt på tvers.
  • Du er strukturert og analytisk, med god heilskapsforståing.
  • Du er nysgjerrig på teknologi og ønsker å drive innovasjon.

Personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga vil tilleggast vekt. 

Kvifor velje Finanstilsynet?

Hos oss får du

  • ei leiarrolle med reell påverknad på digitaliseringa av ein viktig samfunnsinstitusjon
  • moglegheit til å jobbe med komplekse og meiningsfulle problemstillingar
  • eit sterkt fagmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
  • gode utviklingsmoglegheiter i ein organisasjon i endring
  • fleksible arbeidsordningar og gode velferdsordningar
  • pensjonsordning moglegheit for lån i Statens pensjonskasse

Stillinga blir lønt som seksjonssjef (kode 1211) i lønnsspennet kr 1 150 000 til kr 1 250 000, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. 

 

Viktig informasjon til deg som søker stillinga

  • Stillinga er ei leiande stilling, jf. arbeidsmiljølova § 10-12.
  • For å bli vurdert for stillinga må du legge ved vitnemål og relevante attestar. 
  • Finanstilsynet er opptatt av mangfald, og vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn eller hol i CV. Dersom det er mogleg, vil vi legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. For positiv særbehandling sjå: http://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling    
  • Alle tilsette i Finanstilsynet må følgje dei etiske retningslinjene våre, sjå https://www.finanstilsynet.no/jobb-hos-oss/#*Etiskeretningslinjer    
  • Etter at søknadsfristen har gått ut vil vi utarbeide ei offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. 
  • Du kan skrive søknaden på nynorsk eller bokmål. 
  • Vi utfører bakgrunnssjekk av den som blir tilsett i stillinga.   
  • Les meir om Finanstilsynet på nettstaden vår - www.finanstilsynet.no    

Kontaktinformasjon

Kristin Tornling, Avdelingsdirektør, +47 22 93 99 71

Arbeidssted

Revierstredet 3
0151 Oslo

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Finanstilsynet

Referansenr.: 5152327907
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2026

Kontaktperson for stillingen

Kristin Tornling

Avdelingsdirektør

+47 22 93 99 71

Om bedriften

Finanstilsynet arbeider for at finansføretak og finansmarknader fungerer trygt og effektivt til det beste for samfunnet og brukarane av finansielle tenester. Vi har om lag 350 tilsette og held til i Oslo sentrum og i Hamar. Vi legg til rette for eit godt arbeidsmiljø, tek omsyn til klima- og miljøutfordringar og er sertifisert som Miljøfyrtårn. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f9595149-ebdb-4c1e-b761-09ee3fa8dcf9

Sist endret

27. juli 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ef0d34c946984b88b647e697eb5fba9e

Lignende annonser

Laster lignende annonser