Sjukepleiar, 100% vikariat
Herøy kommune, Myrvåg omsorgssenter seksjon A
Åsvegen 13, 6080 Gurskøy
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar, 100% vikariat
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 18. november
Seksjon A ved Myrvåg omsorgssenter søker etter ein engasjert sjukepleiar til eit vikariat i 100% stilling.
Arbeidstida er organisert i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. 
Stillinga er ledig frå dags dato og fram til 31.08.2026.
Myrvåg omsorgssenter består av to seksjonar:
- seksjon A: somatisk sjukeheimsseksjon med langtids-, korttids- og KAD-plass (kommunal akutt døgneining)
- seksjon B: seksjon for personar med demens med langtids- og korttidsopphald
Arbeidsoppgåver
- pleie- og omsorgsoppgåver for bebuarar i sjukeheim (ernæring, personleg hygiene, mobilisering)
- utarbeide og følge opp tiltaksplanar
- fagleg hovedansvar for legemiddelhandtering
- følge opp medisinske tiltak ordinert av lege
- dokumentasjon etter gjeldande lovverk i journalsystemet Gerica
- bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta
- samarbeide tett med pasient, pårørande og ulike yrkesgrupper for å yte eit heilskapleg pasientforløp
Kvalifikasjonar
- norsk autorisasjon som sjukepleiar
- gode datakunnskapar
- erfaring med journalsystemet Gerica er ein fordel
- god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk (kommunen har nynorsk som administrasjonsmål)
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Autorisasjon og godkjend politiattest må leggast fram før tilsetting.
Personlege eigenskapar
- gode samarbeidsevner
- strukturert, sjølvstendig og god til å prioritere arbeidsoppgåver
- løysingsorientert og fleksibel
- opptatt av heilskapeleg pasientforløp
- like faglege utfordingar i eit godt arbeidsmiljø
- positiv og engasjert i jobben, og er med på å skape trivsel på arbeidsplassen
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilbyr
- løn etter gjeldande tariffavtale
- gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
- stipendordningar ved vidareutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg
- godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse og trivsel
- elektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI), Visma Veilederen og Glup
- fagdag i turnus
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet
med  kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Anna Emilie Blomstervik, Seksjonsleiar, +47 98075478Arbeidsstad
Åsvegen 136080 Gurskøy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 5033524171
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 18.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Anna Emilie Blomstervik
Seksjonsleiar
+47 98075478
Om bedriften
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
- Sektor 
- Offentlig 
- Nettsted 
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
- f8f67d97-005a-4fe9-99bc-ea7baa9708f7 
- Sist endret
- 29. oktober 2025 
- Hentet fra
- talentech 
- Referanse
- 555e2e8603de4817a7348b8caef759b6 
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Heimetenestene, Sykkylven kommune
Sted
Sykkylven
Arbeidsgiver
Hareid kommune, Skjerma eining
Sted
Hareid
Arbeidsgiver
Heimetenestene, Sykkylven kommune
Sted
Sykkylven