Rådgivar/seniorrådgivar - vernepleier med blikk for rettstryggleik
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
6412 Molde, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Rådgiver/seniorrådgivar - vernepleiar med blikk for rettstryggleik
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. oktober
Vil du bidra til rettstryggleik og god forvaltning?
Vi søkjer rådgivar/seniorrådgivar
Vi søkjer deg som vil vere med og sikre rettstryggleik for sårbare grupper og bidra til god offentleg forvaltning.
Om seksjonen og fagmiljøet
Stillinga er plassert i seksjon rettstryggleik i omsorg. Seksjonen har ansvar for oppgåver knytt til tvang mot personar med utviklingshemming og å sikre nødvendig helsehjelp til pasientar som ikkje kan gi samtykke og som motset seg behandlinga. Førarkortforskrifta og pasientreiseforskrifta er óg innafor seksjonen sine arbeidsområde. Seksjonen har åtte engasjerte medarbeidarar med brei fagleg kompetanse og vi samarbeider også ein del med seksjon helse. Hos oss får du faglege utfordringar og høve til utvikling i eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø. Du vil samarbeide med andre embete, direktorat og Helsetilsynet.
Arbeidsoppgåver
Du vil få varierte og samfunnsaktuelle oppgåver, mellom anna:
- Saksbehandling og tilsyn innan helsehjelp til personar utan samtykkekompetanse etter pasient- og brukarrettighetslova 4A
- Overprøving av vedtak og tilsyn, etter helse- og omsorgstenestelova kap. 9
- Kvalitetsutvikling og rettleiing innan desse viktige fagområde
Det kan også bli aktuelt å jobbe med andre fagområde i verksemda
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har
- bachelor i vernepleie med autorisasjon, gjerne med relevant vidareutdanning
- erfaring frå arbeid med menneske som har ei utviklingshemming eller anna relevant erfaring frå helse- og omsorgstenesta
- god kjennskap til helse- og omsorgslovgivinga, gjerne med saksbehandlingserfaring frå vedtak om tvang
- evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta og i tverrfaglege team
- gode samarbeidsevner og evne til å kommunisere med ulike aktørar
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- god rolleforståing og interesse for samfunnsoppdraget
Vi ønskjer også at vår nye medarbeidar er fagleg engasjert og trivst med saksbehandling.
Du må kunne sikkerheitsklarerast.
Hos oss får du
- ein stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid
- løn som 1434 rådgivar eller 1364 seniorrådgivar med lønsspenn frå kr 550.000,- til kr 750.000,-. Stillings- og lønsinnplassering avheng av kvalifikasjonar, erfaring og lokal lønspolitikk. I særskilte tilfelle kan høgare løn vurderast. Stillinga som seniorrådgivar har større ansvar og særskilte krav til kompetanse innan fagområdet.
- tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid
- medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). Vi trekker 2 prosent av løna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du særs gode pensjons- og forsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad (https://spk.no/Medlemskap-i-SPK)
- moglegheit for noko heimekontor når det er føremålsteneleg
- høve til å trene i arbeidstida
Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise)
Som vår nye kollega vil du få ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø.
Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde. Du må vere budd på å ta del i andre oppgåver innanfor Statsforvaltaren sitt ansvarsområde avhengig av prioriteringar og din kompetanse.
Mangfald
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling).
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.
Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og erfaring i profilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er mellom anna nødvendig for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste.
Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter kan du gjerne hente frå vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25.
Om oss
Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».
Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rekrutterande leiar Grete Teigland på telefon (Norge +47) 99507632.
Søknadsfrist: 12. oktober 2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f8ca20bb-b107-40f5-8a2f-1395d7b21bb7
- Hentet fra
sap
- Referanse
739 12. oktober 2025