Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
POLIKLINIKK BARN OG UNGDOM VOLDA OG ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
Oppstart
29. september 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 30%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 8. oktober
Vi har ledig vikariat som kontaktsjukepleiar for Epilepsipasientar!
Stillinga som er ledig er pr idag 30% vikariat frå snarast til 29.03.26
Poliklinikk barn og ungdom er ein seksjon i Avdeling for kvinner, barnemedisin og habilitering, og er organisert i Klinikk Ålesund. Seksjonen yter helsehjelp i forhold til utgreiing, diagnostisering og behandling innan fagfeltet barnemedisin. Vi har eit godt fagleg miljø, samt eit godt arbeidsmiljø der pasienten er i fokus.
Tilsette i seksjonen er samansatt av spesialsjukepleiarar, sosionom og merkantilt personell. Seksjonsleiar er nærmaste leiar for desse faggruppene.
Arbeidsoppgåver
- Vere kontaktperson for pasientar og føresette
- Handtere behovsstyrt poliklinikk og bruk av CheckWare
- Gje tilbakemelding på henvendelsar frå dedikert mobiltelefon
- Vere ein viktig samarbeidspartnar for legane med pasientansvar for barn og ungdom i målgruppa
- Rettleiing til føresette
- Samarbeidspartnar ved planlegging og gjennomføring av digitalt heildagskurs i epilepsi
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Ønskeleg med relevant vidareutdanning
- Kjennskap til pasientgruppene innan barnemedisin
- Vi forutsett at søkar meistrar norsk/skandinavisk språk både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til samarbeid
- Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta
- Du er fleksibel og håndterer variasjon i arbeidsmengde og arbeidsoppgåver
- Du er lærevillig og nysgjerrig på ny kunnskap
- Du har god heilskapsforståing
- Du kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner, - også på tvers av faggrupper
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.
Kontaktinformasjon
Ingvill Hareide, Seksjonsleiar, Ingvill.Hareide@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5014413503
Stillingsprosent: 30%
Vikariat
Startdato: 29.09.2025
Sluttdato: 31.03.2026
Søknadsfrist: 08.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f8c91d3a-b055-4a05-83ef-0c462131d690
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4f3ee0fb050642ecb29484f007199be5