100% stilling ved Kinsarvik skule
Ullensvang kommune Kinsarvik skule
Opheimsgata 31, 5750 Odda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. oktober
Som tilsett hjå oss får du arbeida i eit miljø med kjekke kollegaer, høg kompetanse og moglegheit til å delta i vidareutvikling av skulekvardagen til om lag 166 flotte elevar!
Det er ledig ei stilling ved Kinsarvik skule frå 01.01.2026, med moglegheit for tidlegare oppstart og overlapping.
Me treng i hovudsak ein som kan jobba med enkeltelevar i 5.-10.trinn med særlege behov. Det er ein fordel om du har kjennskap til kommunikasjonsverktøy (til dømes ASK - alternativ supplerande kommunikasjon).
Om skulen
Kinsarvik skule er ein 1.- 10. skule i Ullensvang kommune. Skulen har 166 elevar, og over 40 tilsette. Me ligg fint til i sentrum av bygda Kinsarvik med gode uteområde rundt skulen.
Utviklingsområdet vårt er motivasjon og meistring for alle. I tillegg arbeider skulen for at alle elevane skal ha eit godt læringsmiljø.
Skuleleiinga består for tida av rektor og to avdelingsleiarar.
Skulen har 80 % merkantil ressurs.
Ynskte kvalifikasjonar:
Godkjent undervisningskompetanse for 5.-10. trinn, vernepleiar eller anna relevant utdanning
Relevant praksis
Me ser etter deg som :
Trivst i lag med barn og unge
Har evne til å sjå/støtte heile barnet
Kunne ha tett og god dialog med heimen
Er sjølvstendig
Har gode samarbeidsevner og god relasjonskompetanse
Har kjennskap til ASK
Me tilbyr:
Varierte arbeidsoppgåver
Løn etter hovudtariffavtalen
Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår
Ullensvang kommune har gode rekrutteringstilskot til nytilsette lærarar
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f8a9e8de-7932-4462-836c-405b9d1f2fb8
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3546771_193951_nn