Fengselsbetjent / Miljøterapeut
Bergen fengsel
Steinestøvegen 401, 5109 Hylkje
Om jobben
- Stillingstittel
- Fengselsbetjent / Miljøterapeut
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. januar
Om stillinga
Vi søkjer ansatt i fast stilling til ressursteam. Ressursteamet består av 5 tilsette som skal aktivisera, motivera og fylgje opp isolerte innsette. Som tilsett i ressursteamet spelar du ein viktig rolle i vårt arbeid med å gje eit tilbod om fellesskap og aktivitet som kan motverka isolasjon og eventuelle skadeverknader av isolasjon.
Tiltaka må tilpassast individuelt eller i gruppe i forhold til utfordringar og funksjonsnivå som den enkelte innsette har. Teamet har eit nært samarbeide med avdelinga, helsetenesta og andre faggruppar i fengslet.
👉Blei du nysgjerrig på korleis det er å jobbe hos oss? Klikk her for å sjå filmen og bli inspirert.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=yPsJr8ExqtsArbeidsoppgåver
- trygging og oppfølging av nyinnsette, innsette som er isolert og andre med spesielle utfordringar
- planleggje og tilpasse aktivitetar etter den enkeltes behov og evner
- delta i ulike aktivitetar saman med ein eller fleire innsette
- samhandling med helsetenesta og andre faggrupper
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha- bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS
- eller sosialfaglig høgskule- eller universitetsutdanning, eller tilsvarande relevant utdanning fra høgskule eller universitet på bachelornivå
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT
- god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- førarkort klasse B
- bachelor i straffegjennomføring
- kompetanse eller erfaring frå arbeid med psykisk syke eller andre livsutfordringar
- kompetanse eller erfaring frå arbeid med aktivisering av menneske
- god engelsk munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- gode evner til å byggje relasjoner og til å ha fokus på jevnleg oppfølgjing
- evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk med målgruppa
- evne til å tenkje kreativt og finne riktig aktivitet og tilnærmingsmåte til den enkelte innsette i samspel med kolleger, leiing og eksterne samarbeidspartnarar
- tålmodig, ansvarsfull og kunne setje grenser
- ha evne til å motivera menneske i vanskelege livssituasjonar
- ha god forståing for tryggleik
Vi tilbyr
- ein jobb som er viktig for den enkelte innsette og for samfunnet.
- rettleiing av psykolog
- bedriftshelseteneste, velferdslag, treningsrom, parkering og kantine
- pensjons, forsikrings- og låneordninger i Statens pensjonskasse (det blir trekt 2 % innskudd til Statens pensjonskasse)
- stillinga har turnus og uniformsplikt
Stillingen blir lønna som 0264 fengselsbetjent, frå kr 474 000-573 000 brutto pr. år, eller som 1201 miljøterapeut, frå kr.476 000 – 600 000 brutto pr. år, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til inspektør Målfrid Kallekleiv tlf. 55393666
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Om bedriften
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f882a81f-b039-4734-9ba9-4d3ff18b767d
- Sist endret
19. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10274658
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Bergen fengsel
Sted
Hylkje
Verksbetjent 50% vikariat
Arbeidsgiver
Bergen fengsel
Sted
Hylkje
Andre gangs utlysning: Miljøterapeut i medleverturnus
Arbeidsgiver
Stiftelsen CRUX
Sted
Fyllingsdalen