Hopp til innhold

Vil du vere med å utvikle framtidas havbruk?

Arbeidsgiver

Alsaker Fjordbruk

Sted

Flakkavågsvegen 12, 5694 Onarheim

Om jobben

Stillingstittel
Driftsleiar matfisk
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. november

Vil du vere med å utvikle framtidas havbruk?

For å styrkje driftsleiinga i Rogaland søkjer Alsaker Fjordbruk ein engasjert og operativ driftsleiar for sjølokalitetar.

Som driftsleiar får du ei sentral rolle i den daglege leiinga av våre lokalitetar i Sør-Rogaland.

Du vil ha ansvar for personaloppfølging, koordinering av drift og vidare utvikling av området i tett samarbeid med driftssjef.

Arbeidskvardagen vil vere variert og operativ, gjennom jamleg nærvær på lokalitetane.

Det må reknast med noko reising mellom anlegga og deltaking på møte ved hovudkontoret på Onarheim.

Ansvarsområdet omfattar Ryfish AS sine Globe-anlegg i Lysefjorden.

Anlegga er ein del av konsernet si satsing på lukka oppdrettsteknologi og fungerer samtidig som visningsanlegg for kundar og samarbeidspartnarar.

Stillinga omfattar også lokalitetane Ådnøy i Høgsfjorden ved Høle og Rossholmen på Mosterøy, tilhøyrande Nordsjø Fjordbruk AS.

Arbeidsoppgåver
  • Oppfølging og koordinering av den daglege drifta ved Ryfish AS, samt lokalitetane Ådnøy og Rossholmen
  • Personalansvar og oppfølging av om lag 10 medarbeidarar
  • Planlegging og koordinering av arbeidsoperasjonar
  • Oppfølging av fiskevelferd, biosikkerheit, kvalitet og HMS
  • Oppfølging av drift, vedlikehald og produksjon
  • Samarbeid med driftssjef, fiskehelseteneste og støttefunksjonar
  • Bidra til vidare utvikling av teknologi, arbeidsmetodar og driftsrutinar
  • Bidra til gode opplevingar for besøkande ved våre visningsanlegg
Me ser etter deg som:
  • Har erfaring frå havbruk og god forståing for drift, fiskevelferd og biosikkerheit
  • Er ein tydeleg leiar som motiverer, utviklar og følgjer opp medarbeidarar
  • Tenkjer heilskapleg, tek eigarskap og får ting gjennomført
  • Er løysingsorientert, strukturert og trivst i ein variert arbeidskvardag
  • Kommuniserer godt og samarbeider godt med både kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar
  • Relevant utdanning innan havbruk, akvakultur eller tilsvarande er ein fordel.
  • Me legg likevel størst vekt på relevant erfaring, leiareigenskapar og personlege eigenskapar.
Me kan tilby
  • Ei spennande leiarstilling med ansvar for fleire lokalitetar
  • Moglegheit til å arbeide med framtidsretta teknologi innan havbruk
  • Varierte arbeidsdagar og dyktige kollegaer
  • Eit sterkt fagmiljø og gode utviklingsmoglegheiter
  • Ei sentral rolle i eit av Noregs leiande havbrukskonsern

Om bedriften

Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er det største privateigde oppdrettskonsernet i Sør-Norge, med 36 matfiskkonsesjonar, 5 settefiskanlegg, stamfiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.

Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har over 4 milliardar i omsetnad og er om lag 500 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f8565c17-be53-4639-89cd-28223f3686cb

Sist endret

14. oktober 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

478556036

Lignende annonser

Laster lignende annonser