Sivilforsvarsadjutant - logistikk og varsling
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
4612 Kristiansand S
Om jobben
- Stillingstittel
- Sivilforsvarsadjutant
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest mandag 17. november
Sivilforsvaret har ei spennande stilling ledig som teknisk beredskapsmedarbeidar med varierte arbeidsoppgåver og stor grad av sjølvstende ved Vest-Agder Sivilforsvarsdistrikt. Vi ser etter deg som har interesse for samfunnstryggleik og beredskapsarbeid, gjerne med teknisk bakgrunn. Dine hovudarbeidsoppgåver blir forvaltning og vedlikehaldsstyring av distriktet sitt beredskapsmateriell og tilsyn med varslingsanlegg. Sivilforsvaret er ein spennande etat i utvikling og denne stillinga inneber gode moglegheiter for eigenutvikling og for å vere med og forme innhaldet.
 
Du skal:
 
 
Kvalifikasjonar
 
Du må ha:
 
Vi ønskjer at du har:
 
 
Vilkår
 
Fast stilling som sivilforsvarsadjutant (stillingskode 0331) med årsløn frå kr 590 000 til 630 000.
I tillegg til årsløn kjem kompensasjon for vakt og øving.
 
Tryggleiksklarering
Den som får tilbod om stillinga må kunne tryggleiksklarerast for HEMMELEG før tiltreding.
 
 
Om Sivilforsvaret og stillinga
 
Sivilforsvaret er ein uniformert etat underlagt Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), leia av Sjef Sivilforsvaret. I fredstid består Sivilforsvaret av 8000 tenestepliktige mannskap fordelt på 20 distrikt, kvart leia av ein distriktssjef. Det sentrale nivået er organisert gjennom Sivilforsvarsavdelinga, som består av to seksjonar og eit økonomi- og styringssekretariat leia av assisterande sjef Sivilforsvaret. Sivilforsvaret har som hovudoppdrag å verne befolkninga i krise og krig. I fredstid skal Sivilforsvaret bidra til god beredskap i heile landet og vere ein forsterkingsressurs for naudetatar og andre myndigheiter. Sivilforsvaret har lokale, regionale og nasjonale innsatsstyrkar med tenestepliktige mannskap og befal. Totalt er det om lag 230 tilsette i Sivilforsvaret. Den viktigaste ressursen er dei tenestepliktige som blir kalla ut til innsats i ulike oppdrag over heile landet. Sivilforsvaret bidreg også internasjonalt.
 
Vest-Agder sivilforsvarsdistrikt dekkjer 10 kommunar. Distriktet har 9 operative avdelingar og 3 Radiac-lag som har ansvar for detektering og handtering av radiologisk forureining. Distriktskontoret ligg i dag i politihuset i Kristiansand. Distriktet har i overkant av 200 tenestepliktige og per i dag 5 årsverk. Vi er operativt og administrativt ansvarlege for Sivilforsvaret i Vest-Agder. Distriktet skal gjennom opplæring, årlege øvingar og materielltilsyn sørgje for at tenestepliktige ved avdelingane er i stand til å fylle rollene sine. Bruk av ressursane til distriktet blir koordinert gjennom distriktskontoret, som òg har ei døgnkontinuerleg beredskapsvaktordning.
 
Stillinga som logistikk- og varslingsmedarbeidar er ein sentral del av staben ved distriktet. For å kunne bidra i Sivilforsvaret sine oppgåver, er det viktig at du er fysisk og psykisk skikka til å arbeide i ein beredskapsorganisasjon, og kan delta i øvingar og innsatsar. Noko reiseverksemd må påreknast i periodar. Ved beredskapshendingar og ved gjennomføring av øvingar må utvida arbeidstid påreknast. Du vil òg inngå som ein del av beredskapsvaktordninga ved distriktet. For å trivast i stillinga må du like å arbeide både ute og inne, og kunne representere organisasjonen utad med høg profesjonalitet og truverd.
 
 
Om DSB
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 800 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
 
 
Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsordningar. For å arbeida i DSB må du vera tryggleiksmessig skikka og medverke til ein god kultur for tryggleik. Les meir om tryggleik i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb/rekrutteringsprosessen/sikkerhet-i-dsb
 
 
Hos oss får du
  
 
I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten: https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise
 
 
Offentleg søkjarliste
Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste ved søknadsfristens utløp, jf. Offentleglova §25. Du har høve til å be om unntak frå offentleg innsyn. Dersom du ikkje får innvilga dette, vil du bli varsla om det før søkjarlistene blir utarbeidde. Sjølv om du har fått innvilga unntak frå offentlegheit, vil du framkomme på ei utvida søkjarliste. Denne er berre tilgjengeleg på førespurnad frå andre søkjarar til stillinga.
 
 
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. Dette sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg er det naudsynt at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. For alle stillingar som ikkje krev tryggleiksklarering, vil DSB gjennomføre bakgrunnssjekk. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR. Les meir om rekrutteringsprosessen i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb/rekrutteringsprosessen
 
 
Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål! Kontaktperson er
Holger Hillesland, distriktssjef Vest-Agder sivilforsvarsdistrikt:
E-post: holger.hillesland@dsb.no
Telefon: 38 03 80 01
 
Du finn meir informasjon om å jobbe i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb og ein oppdatert oversikt over utlyste stillingar finn du alltid på jobb.dsb.no/search
 
Velkomen som søkjar hos oss!
Du skal:
- ha ansvar for lager- og utstyrsteljingar
- følgje opp vedlikehald og service for køyretøy, materiell og utstyr
- sørgje for utrulling av nytt, og kassasjon av utgått materiell
- følgje opp status ved alle lagerlokasjonar i distriktet
- planleggje og gjennomføre tilsyn og vedlikehald av distriktet sine varslingsanlegg
- sikre at alt personell er korrekt utrusta med personleg bekledning og utstyr
- sikre at alle prosessar skjer i tråd med gjeldande rutinar, regelverk og HMS-krav
- bidra til forbetring og digitalisering av logistikk- og lagerprosessar
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- minimum eitt-årig studium frå høgskule, universitet, relevant teknisk fagskule eller fagbrev. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande årsstudium. Utanlandske utdanning må vere godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
- relevant arbeidserfaring innan teknisk-, forsvars– eller beredskapsarbeid
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- førarkort minimum klasse BE
- følgjande personlege eigenskapar: - sjølvstendig med god gjennomføringsevne
- tillitsskapande og ein god lagspelar
- strukturert og løysingsorientert
- ansvarsbevisst og med god gjennomføringsevne
 
Vi ønskjer at du har:
- erfaring innan teknisk vedlikehald
- erfaring frå operativt beredskapsarbeid
- erfaring med saksbehandling
- sertifisert sikkerheitsopplæring for bruk av maskinar og utstyr
- førarkort klasse C1E, D1E og/eller truck T1–T4
Vilkår
Fast stilling som sivilforsvarsadjutant (stillingskode 0331) med årsløn frå kr 590 000 til 630 000.
I tillegg til årsløn kjem kompensasjon for vakt og øving.
Tryggleiksklarering
Den som får tilbod om stillinga må kunne tryggleiksklarerast for HEMMELEG før tiltreding.
Om Sivilforsvaret og stillinga
Sivilforsvaret er ein uniformert etat underlagt Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), leia av Sjef Sivilforsvaret. I fredstid består Sivilforsvaret av 8000 tenestepliktige mannskap fordelt på 20 distrikt, kvart leia av ein distriktssjef. Det sentrale nivået er organisert gjennom Sivilforsvarsavdelinga, som består av to seksjonar og eit økonomi- og styringssekretariat leia av assisterande sjef Sivilforsvaret. Sivilforsvaret har som hovudoppdrag å verne befolkninga i krise og krig. I fredstid skal Sivilforsvaret bidra til god beredskap i heile landet og vere ein forsterkingsressurs for naudetatar og andre myndigheiter. Sivilforsvaret har lokale, regionale og nasjonale innsatsstyrkar med tenestepliktige mannskap og befal. Totalt er det om lag 230 tilsette i Sivilforsvaret. Den viktigaste ressursen er dei tenestepliktige som blir kalla ut til innsats i ulike oppdrag over heile landet. Sivilforsvaret bidreg også internasjonalt.
Vest-Agder sivilforsvarsdistrikt dekkjer 10 kommunar. Distriktet har 9 operative avdelingar og 3 Radiac-lag som har ansvar for detektering og handtering av radiologisk forureining. Distriktskontoret ligg i dag i politihuset i Kristiansand. Distriktet har i overkant av 200 tenestepliktige og per i dag 5 årsverk. Vi er operativt og administrativt ansvarlege for Sivilforsvaret i Vest-Agder. Distriktet skal gjennom opplæring, årlege øvingar og materielltilsyn sørgje for at tenestepliktige ved avdelingane er i stand til å fylle rollene sine. Bruk av ressursane til distriktet blir koordinert gjennom distriktskontoret, som òg har ei døgnkontinuerleg beredskapsvaktordning.
Stillinga som logistikk- og varslingsmedarbeidar er ein sentral del av staben ved distriktet. For å kunne bidra i Sivilforsvaret sine oppgåver, er det viktig at du er fysisk og psykisk skikka til å arbeide i ein beredskapsorganisasjon, og kan delta i øvingar og innsatsar. Noko reiseverksemd må påreknast i periodar. Ved beredskapshendingar og ved gjennomføring av øvingar må utvida arbeidstid påreknast. Du vil òg inngå som ein del av beredskapsvaktordninga ved distriktet. For å trivast i stillinga må du like å arbeide både ute og inne, og kunne representere organisasjonen utad med høg profesjonalitet og truverd.
Om DSB
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 800 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsordningar. For å arbeida i DSB må du vera tryggleiksmessig skikka og medverke til ein god kultur for tryggleik. Les meir om tryggleik i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb/rekrutteringsprosessen/sikkerhet-i-dsb
Hos oss får du
- medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du verdifulle fordelar gjennom særs gode pensjons-, forsikrings- og boliglånordningar. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no/Medlemskap-i-SPK/
- fleksibel arbeidstid
- bedriftshelseteneste
- høve til å trene i arbeidstida
- tilrettelagt for mobilt kontor når det er føremålstenleg
I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten: https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise
Offentleg søkjarliste
Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste ved søknadsfristens utløp, jf. Offentleglova §25. Du har høve til å be om unntak frå offentleg innsyn. Dersom du ikkje får innvilga dette, vil du bli varsla om det før søkjarlistene blir utarbeidde. Sjølv om du har fått innvilga unntak frå offentlegheit, vil du framkomme på ei utvida søkjarliste. Denne er berre tilgjengeleg på førespurnad frå andre søkjarar til stillinga.
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. Dette sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg er det naudsynt at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. For alle stillingar som ikkje krev tryggleiksklarering, vil DSB gjennomføre bakgrunnssjekk. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR. Les meir om rekrutteringsprosessen i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb/rekrutteringsprosessen
Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål! Kontaktperson er
Holger Hillesland, distriktssjef Vest-Agder sivilforsvarsdistrikt:
E-post: holger.hillesland@dsb.no
Telefon: 38 03 80 01
Du finn meir informasjon om å jobbe i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb og ein oppdatert oversikt over utlyste stillingar finn du alltid på jobb.dsb.no/search
Velkomen som søkjar hos oss!
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
- Sektor 
- Offentlig 
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
- f813f515-0262-42f5-908c-c9f750fcb55e 
- Sist endret
- 31. oktober 2025 
- Hentet fra
- sap 
- Referanse
- 1339 1810VETR Vest-Agder 
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Agder fengsel
Sted
Mandal, Froland
Helgestilling 32% fast
Arbeidsgiver
Habilitering voksne vest, Kristiansand kommune
Sted
Brennåsen
Distriktssjef Agder | Skanska byggvirksomhet
Arbeidsgiver
Skanska Norge AS
Sted
Kristiansand S