Hopp til innhold

Helsefagarbeider med vidareutdanning i rus og psykisk helse

Arbeidsgiver

Vågå Kommune Rus Og Psykisk Helse

Sted

Moavegen 20A, 2680 Vågå

Om jobben

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Helsefagarbeider
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest onsdag 2. desember

Om oss:

Vågå Kommune jobber aktivt for å oppfylle dei nasjonale måla i Opptrappingsplanen for psykisk helse (2023-2033). Vi skal bidra til at fleire opplev god psykisk helse og livskvalitet. At innbyggjarane får lett og likeverdig tilgang til hjelp. Arbeidet vårt er forankra i tre hovudområde:

  • Helsefremjande og førebyggjande psykisk helsearbeid

  • Gode og tilgjengelege tenester der folk bur

  • Styrka tilbod til personar med langvarige og samansette behov

Vi legg stor vekt på brukar medverknad, heilskaplege tenester og tverrfagleg samarbeid. Framover vil vi fortsette arbeidet med å utvikle det regionale samarbeidet innan rus og psykisk helse. Vi har mål om å aktivt ta i bruk kunnskapsbaserte digitale verkty i vårt tilbod. Hjå oss blir du ein del av eit fagmiljø som sett meistring, livskvalitet og inkludering i sentrum.

Vi er eit engasjert kollegium med variert bakgrunn og utdanning, som jobber med menneske som har utfordringar knytt til rus, psykisk helse og/eller livmeistring.

Arbeidsoppgåver:

  • Heilskapleg oppfølging av pasientar med psykiske helseutfordringar og/eller rusutfordringar

  • Karlegging

  • Samtaler i tråd med oppgåvene til 1. lineteneste

  • Utarbeiding og oppfølging av individuelle behandlingsplanar

  • Tverrfagleg samarbeid med fastlege, heimeteneste, NAV og eksterne aktørar som t.d. DPS

  • Rettleiing og støtte til pasientar og pårørande

  • Deltaking i gruppetilbod som tur og trening, samt bidra i drift og utvikling av tenesta sitt dagsenter <<HUSET>>

  • Deltaking og oppgåver knytt til kommunens psykososiale kriseteam

Eigenskapar:

  • Fagleg dyktig og engasjert

  • Evne til å vise omsorg og bry deg om andre mennesker

  • Flink til å lytte og formidle kunnskap på ein god og forståeleg måte

  • Fleksibel, nytenkjande og løysningsorientert

Personleg eignaheit vektleggast. Aktuelle kandidatar blir invitert til intervju.

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar

  • Vidareutdanning rus og psykisk helsearbeid 60stp.

  • Erfaring frå arbeid med rus og psykisk helse er ein fordel

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevnar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert

Vi tilbyr:

  • Eit spennande og meingsfyllt arbeid i eit triveleg og inkluderande miljø

  • Stor grad av tverrfagleg samarbeid

  • Gode rammer for fagleg utvikling og kompetanseheving

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

  • Løn etter gjeldande tariffavtale

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden sendast til postmottak@vaga.kommune.no

Søkjare kan bli forløpande vurdert. Søknadsfrist: 02.12.26

For nærare informasjon kontakt tenesteleiar Liv Olasveen tlf: 99028291/47627394 eller epost: liv.olasveen@vaga.kommune.no

Vågå kommune er oppteken av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot dette, jf. offentleglova § 25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Kontaktperson for stillingen

Liv Olasveen

Om bedriften

Vågå Kommune jobber aktivt for å oppfylle dei nasjonale måla i Opptrappingsplanen for psykisk helse (2023-2033). Vi skal bidra til at fleire opplev god psykisk helse og livskvalitet.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f7a9a757-7c1c-4994-9242-7be6c5eb98df

Sist endret

26. november 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

f7a9a757-7c1c-4994-9242-7be6c5eb98df

Lignende annonser

Laster lignende annonser