Hopp til innhold

Vil du leie Barne- og ungdomsavdelinga inn i ei ny tid?

Arbeidsgiver

Barne- og ungdomsavdeling, Haugesund sjukehus

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleiar barne- og ungdomsavdeling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 29. november

Våren 2027 flyttar Barne- og ungdomsavdelinga inn i nye lokale ved Haugesund sjukehus. No søkjer vi ein engasjert og tydeleg avdelingsleiar som vil vere med og forme korleis vi skal arbeide, utvikle oss og skape gode tenester for barn, unge og familiane deira i åra som kjem.

Dette er ei leiarstilling for deg som ønskjer å kombinere menneske, fag, drift og utvikling. Du får ansvar for ei avdeling med høg fagleg kompetanse og engasjerte medarbeidarar, og blir samtidig ein viktig del av leiinga og utviklinga av Klinikk for medisin Haugesund og Odda.

Vi står framfor ein spennande periode. Innflytting i nye lokale gir oss ikkje berre nye fysiske rammer, men også ei moglegheit til å sjå på organisering, arbeidsmåtar og samarbeid med nye auge. Vi ser derfor etter deg som både kan sikre god drift i kvardagen og som trivst med å leie utvikling og endring.


Kva går jobben ut på?

Som avdelingsleiar får du eit heilskapleg ansvar for verksemda i Barne- og ungdomsavdelinga. Du skal saman med dyktige leiarar og medarbeidarar i avdelinga sikre gode og trygge pasientforløp, eit godt arbeidsmiljø og berekraftig bruk av ressursane våre.

Du blir ein sentral aktør i arbeidet fram mot og etter innflytting i nye lokale våren 2027.

Hos oss får du moglegheit til å

  • leie og vidareutvikle eit sterkt tverrfagleg miljø
  • ha ansvar for fag, kvalitet, personell, arbeidsmiljø og økonomi
  • utvikle leiarar og medarbeidarar i avdelinga
  • sikre god drift og gode pasientforløp
  • drive systematisk kvalitets- og forbetringsarbeid
  • bidra til utvikling av nye arbeidsformer og god bruk av kompetanse
  • samarbeide tett med andre fagområde i sjukehuset, kommunane og andre samarbeidspartnarar
  • delta aktivt i leiargruppa i Klinikk for medisin Haugesund og Odda
  • vere med og forme Barne- og ungdomsavdelinga for framtida 

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Vi ser etter ein leiar som er trygg nok til å setje retning og audmjuk nok til å utvikle løysingane saman med andre.
Du evnar å vere nær medarbeidarane og den kliniske verksemda, samtidig som du løftar blikket og ser avdelinga som del av ein større heilskap. Du kommuniserer tydeleg, byggjer tillit og skaper rom for både fagleg utvikling og nødvendig endring.

Vi ønskjer at du

  • har relevant høgare utdanning
  • har leiarerfaring, gjerne frå spesialisthelsetenesta eller anna kompleks kunnskapsorganisasjon
  • har forståing for økonomi, bemanning og ressursstyring
  • har erfaring med, eller interesse for, endrings- og forbetringsarbeid
  • arbeider strukturert og har god gjennomføringsevne
  • evnar å byggje lag og utvikle medarbeidarar og leiarar
  • har god munnleg og skriftleg framstillingsevne

  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling.
  • Kva ser vi etter hos deg?

    • Open, ærleg, transparent og både fagleg og personleg tillitvekkande og trygg.
    • Strategisk tilnærming med utprega evne til å sjå og tenkje heilskapleg.
    • Gjennomføringsevne, resultat- og løysningsorientert.
    • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, teambygger.

    Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil verte vektlagt.

    Kvifor skal du velje oss?

    • Lønn etter avtale
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Ei sentral leiarstilling i eit sterkt fagmiljø
    • Dyktige og engasjerte medarbeidarar rundt deg
    • Moglegheit til å påverke ei avdeling i stor utvikling
    • Tett samarbeid med andre leiarar og fagmiljø i sjukehuset
    • Leiarstøtte og tilgang til kompetanse innan HR, økonomi, kvalitet og organisasjonsutvikling

     

    For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gje til kjenne dette i søknaden

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    John Conrad Brandsø, Klinikkdirektør, +47 40238776, jcbran@helse-fonna.no

    Arbeidsstad

    Karmsundgata 120
    5528 HAUGESUND

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

    Referansenr.: 5206059173
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 29.11.2026

    Kontaktperson for stillingen

    John Conrad Brandsø

    Klinikkdirektør

    +47 40238776

    jcbran@helse-fonna.no

    Om bedriften

    Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

    Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

    For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

     

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    f79d7115-0868-4d56-85c8-cec8a21c5c1e

    Sist endret

    13. november 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    368b63e7c604440099c17974a53dde21

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser