Husnestunet - Fast stilling som helsefagarbeidar
Kvinnherad kommune Husnestunet
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar - Husnestunet
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. desember
BLI EIN DEL AV HUSNESTUNET SITT FRAMTIDSRETTA FAGMILJØ INNAN DEMENSOMSORG!
Då ein av våre gode kollegaer skal øve i pensjonistanes rekker, søkjer vi etter ein dedikert og engasjert helsefagarbeidar i 80% stilling, med moglegheit for100%.
Kommunen har heiltid som føretrekt løysing, men nyttar også deltid etter vurdering av tilsette sine ønske og behov og naudsynt fleksibilitet i tenestene. Skriv difor i søknaden kva stillingsstorleik som er ønskjeleg og passar deg best, og i kva grad du er fleksibel om dette.
Stillinga er primært i 2- delt turnus, med kvar 3. helg. Det er mogleg å ta langvakter ved behov.
Arbeidsstad er per tida på AD F-bygget, ei avdeling for pasientar med demens, men ein må kunne vere fleksibel å bidra inn i andre avdelingar ved behov og etter avtale med leiar.
Avdelinga har 8 pasientplassar.
Tilsetting: snarleg
Arbeidsoppgåver:
Utøva hels- og omsorgsfaglege oppgåver i tråd med lovverk, rutinar og kvalitetskrav.
Heilskapleg omsorg og pleie.
Samarbeid med pasient, pårørande, avdelingsleiar og særs tett samarbeid med kollegaer på avdeling.
Dokumentasjon av tenesta vi yt.
Legemiddelhandtering for dei med autorisasjon/ fagbrev innan helse.
Rettleie kollegaer, studentar og skuleelevar.
Kvalifikasjonar:
Fagbrev som hjelpepleiar/ helsefagarbeidar
Erfaring frå demensomsorg og/eller psykiatri er ynskjeleg, men ikkje eit krav.
Er trygg og sjølvstendig i faget.
Har stor arbeidskapasitet
Har evne til å sjå både detaljar og heilskap i pasientomsorga.
Bidrar til eit positivt arbeidsmiljø – også når det er travelt.
Trivst med variasjon og kan handtere uforutsigbare situasjonar.
Er nysgjerrig på utvikling og ser moglegheiter i ny teknologi.
God IT kunnskap.
Ha god norskkunnskap, både munnleg og skriftleg.
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Vi nyttar TID modell i vårt arbeid med pasientar med demens.
Kurs/ kompetanseheving med hjelp av VR briller.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
Ingen eigedomsskatt pr i dag for hus, hytter og næring.
Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Meir informasjon om den flotte regionen vår finn du her: Sunnhordlandslivet (buisunnhordland.no)
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §
10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Cecilie Torillsdatter Fredheim
Avdelingsleiar
+47 47694751
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f771404d-61fa-4c52-b8ed-943202ebe80c
- Sist endret
26. november 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3568307_225951_no
Lignende annonser
Helsefagarbeidar Husnestunet
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Husnestunet
Sted
Rosendal
Sjukepleiar
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Husnestunet
Sted
Rosendal
Helsefagarbeidar 80% fast stilling natt, Heimetenester Ølve
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Heimetenester Rosendal
Sted
Rosendal