Hopp til innhold

Seksjonsleiar lege, Radiologisk avdeling

Arbeidsgiver

Radiologisk avdeling, Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Seksjonsleiar lege, Radiologisk avdeling Helse Bergen
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 24. november

Ønsker du ei leiarrolle i eit av dei mest avanserte radiologiske fagmiljøa i Noreg?
 
Vi søker ein seksjonsleiar lege med sterk fagleg forankring og gjerne med leiarerfaring for å vidareutvikle vårt høgt spesialiserte fagmiljø.
 
Om avdelinga: 
Radiologisk avdeling er ei av dei største i landet, og avdelinga utfører eit breitt spekter av diagnostiske undersøkingar og intervensjons- og behandlingsprosedyrar.
 
Vi tilbyr avansert biletdiagnostikk innan nukleærmedisin og radiologi for mellom anna områda nevroradiologi, muskel- og skjelettradiologi, onkologisk biletdiagnostikk, thorax- og abdominal radiologi, brystdiagnostikk, barneradiologi og intervensjonsradiologi. Legar tilsett ved PET-senteret og Brystdiagnostisk senter (BDS) har eigen leiar, alle andre legar ved avdelinga vert leia av Seksjonleiar lege.
 
Avdelinga har ei sentral rolle i sjukehuset si tverrfaglege pasientbehandling og samarbeider med Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet om forsking og utdanning av legar og radiografar.
 
Avdelinga har om lag 340 tilsette, deriblant om lag 88 legar, inkludert LIS-legar. Legane samarbeider tett med radiografar, fysikarar og anna helsepersonell. Vi har moderne utstyrspark som inkluderer MR, CT, PET, ultralyd og røntgen/intervensjons-diagnostikkrom. Avdelinga og avdelinga si forskingseining (MMIV) er ein leiande aktør innan radiologisk forsking og i implementering av kunstig intelligens (KI) i biletdiagnostikk.
 
Om stillinga:
Som seksjonsleiar for legane vil du ha det overordna ansvaret for den medisinskfaglege drifta ved avdelinga (med unntak av PET senteret og BDS) og ha økonomiansvar for legeseksjonen. Du vil vere ein del av avdelinga si leiargruppe og jobbe tett med avdelingsdirektør, seksjonsleiarar og nøkkelpersonell for å sikre høg kvalitet på tenesta, pasientsikkerheit, fagutvikling og forsking innan dei til ein kvar tid gjeldande økonomiske rammane.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for å sikre ei trygg og ansvarleg radiologisk verksemd i tråd med sjukehusets og avdelingas til ein kvar tid gjeldande behov og ramme
  • Sikre fagleg leiing og utvikling av avdelinga innanfor gjeldande økonomisk ramme i tråd med sjukehuset sin strategi
  • Personalansvar for overlegar og fagleg rettleiing for LIS-legar ved seksjonen i samarbeid med assisterande seksjonsleiar lege. Sikre forsvarleg medisinsk drift og optimal og effektiv pasientflyt
  • Bidra til utvikling av nye diagnostiske metodar og vidareutvikling av KI-verktøy og digitale løysingar
  • Tverrfagleg samarbeid med kliniske avdelingar for å optimalisere diagnostiske tenester
  • Delta i forskings- og innovasjonsarbeid innan radiologi
  • Overordna ansvar for utdanning og kompetanseutvikling i avdelinga
  • Representere avdelinga i relevante faglege og administrative forum

Vi ser etter ein fagleg sterk og engasjert leiar med følgjande kvalifikasjonar

  • Spesialist i radiologi med norsk autorisasjon
  • Erfaring med organisering av radiologiske tenester
  • Gode evner til strategisk tenking, samarbeid og kommunikasjon

Det er også ønskeleg at søkar har erfaring eller kjennskap til:

  • Leiing eller sterk interesse for leiarutvikling
  • Forskingsarbeid med gjennomført PhD
  • Kvalitetsforbetring og innovasjon
  • Ressursstyring, arbeidstidsplanlegging, økonomistyring og bruk av kunstig intelligens i radiologi

Vi oppmodar òg deg som ikkje har lang leiarerfaring, men som har stor motivasjon for leiarutvikling og engasjement for faget, til å søke.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å motivere og utvikle medarbeidarar
  • Gode evner til strategisk tenking, kommunikasjon, samarbeid og økonomistyring
  • Høg gjennomføringsevne og strukturert arbeidsstil
  • Sterke samarbeidsevner og evne til å bygge relasjonar
  • Evne til å handtere endringsprosessar med tryggleik og profesjonalitet

Vi tilbyr

  • Ei sentral leiarrolle i ei av dei mest avanserte radiologiske avdelingane i landet
  • Moglegheit til å påverke fagfeltet gjennom leiing, utvikling av drifta, innovasjon og forsking
  • Eit sterkt leiarteam og god administrativ støtte
  • Konkurransedyktige pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø prega av samarbeid og fagleg utvikling
  • Bli ein del av vårt sterke fagmiljø – vi ser fram til å høyre frå deg!

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Ingfrid Helene Salvesen Haldorsen, Avdelingsdirektør, 55 97 23 27, ingfrid.helene.salvesen.haldorsen@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 BERGEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5208538622
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2026

Kontaktperson for stillingen

Ingfrid Helene Salvesen Haldorsen

Avdelingsdirektør

55 97 23 27

ingfrid.helene.salvesen.haldorsen@helse-bergen.no

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f71e6e93-5a63-4695-8a24-a218a9c147f0

Sist endret

11. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

f48a456c84694ca5a878949a44fd16d9

Lignende annonser

Laster lignende annonser