Postdoktor i multifunksjonalitet i landbrukslandskap
Universitetet i Bergen
Thormøhlens gate 53A, 5006 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Postdoktor i multifunksjonalitet i landbrukslandskap
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Arbeidsspråk
Engelsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 1. oktober
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Postdoktor i multifunksjonalitet i landbrukslandskap
Ved Institutt for biovitenskap ved Universitetet i Bergen er det ei ledig stilling som postdoktor knytt til forsking på multifunksjonalitet i landbrukslandskap. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år. Stillinga er knytt til eit europeisk samarbeidsprosjekt SAFER (Strengthening Agricultural landscape multiFunctionality through expansion of agroecological farming in EuRope), finansiert av Norges Forskingsråd.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Som postdoktor i eit stort internasjonalt og tverrfagleg team vil du bruke romlege modelleringsteknikkar for å undersøkje korleis agroøkologiske jordbruksmetodar påverkar økosystemtenestemangfaldet i europeiske jordbrukslandskap. Dette vil krevja etablering av ein romleg eksplisitt mangfoldsmodell og parametrisering av denne ved hjelp av ei kombinasjon av opne fjernmålingsdata, økologiske plotnivådata og samfunnsvitskaplege data frå europeiske jordbrukslandskap, inkludert dei seks levande laboratoria i SAFER-konsortieprosjektet. Effekten av agroøkologiske praksisar på biologisk mangfald og eit fullt spekter av økosystemtenester, og den tilsvarande påverknaden av desse endringane på landbrukssamfunn, vil deretter bli undersøkt i simuleringar.
Sluttproduktet vil vera detaljert kunnskap om korleis ulike økologiske praksisar påverkar bønder og landbrukssamfunn, og identifisering av strategiar som aukar berekraftig produksjon og mangfald i europeiske jordbrukslandskap. Ved å aktivt involvera bønder og andre relevante aktørar gjennom heile forskingsprosessen, sikrar vi meir relevante og godt teke imot løysingar.
Arbeidet vil også gje høve til å utvikla grunnleggjande forståing av drivkreftene bak landskapsmangfald, til dømes teoretisk utvikling. Postdoktoren vil få stønad og nettverk innan labgruppa til professor Peter Manning, den terrestriske økologigruppa ved UIB og SAFER-konsortiet.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (PhD) innanfor økologi,geomatematikk, økosystemtenester, agronomi eller tilsvarande, eller ha levertdoktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
- Erfaring frå eller kompetanse innan avansert statistisk analyse og/eller romsleg analyse er eitkrav
- Erfaring med bruk av relevante dataprogram for å utføre komplekse oppgåver, slik som R,ArcGIS og Python er eit krav
- Erfaring med kartlegging eller modellering av økosystemtenester er ein føremon
- Erfaring frå eller kompetanse innan europeiske jordbrukssystem og/eller økosystem tenesterknytt til landsbrukslandskapet er ein føremon
- Erfaring frå tverrfagleg forsking innafor økologi, samfunnsvitskap eller agronomi er ein føremon
- Kapasiteten til å produsere arbeid med høg akademisk kvalitet for publisering i ledandevitskapelege journalar, dokumentert gjennom eksisterande publikasjonar og/eller gjennomdemonstrasjon av skriftelege og tekniske ferdigheiter (t.d. i analyse eller skaping av figurar) ereit krav.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner med andre ieit tverrfagleg og europeisk samarbeidsteam
- Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Om postdoktorstillinga:
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til tre år og tre månader. Undervisning og anna kvalifiserande arbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Dei ekstra månadene vert finansierte av instituttet. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. I samsvar med Forskingsrådet sine reglar, kan heller ingen tilsetjast fleire gonger i NFR-finansierte postdoktorstillingar.
Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Vi tilbyr:
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
- tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 657 000. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- medlemsskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- namn og kontaktinformasjon for to referansar. Éin av desse bør vera hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert
- relevante attestar
- liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Peter Manning, Professor i Global endringsøkologi, peter.manning@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Magnus Larsen, magnus.larsen@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f6c23700-36c6-405f-aa80-0efade1a5b29
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10262207