Kontrollingeniør
INV - Drift Sør (Voss), Vestland fylkeskommune
Gurid Almenningens Plass, 5700 Voss
Om jobben
Stillingstittel
Kontrolling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Eininga for Drift Sør har ansvar for 7 driftskontraktar sør for Sognefjorden. Me har 22 medarbeidarar som jobbar i team på dei ulike kontraktane, og kvar kontrakt består av ein byggeleiar og ein eller to kontrollingeniørar. I arbeidsmiljøet vårt vektlegg me gode kunnskapar i bruk av IKT-verktøy og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Arbeidsoppgåver
- Fylgje opp kontraktar
- Gjennomføre stikkprøvekontrollar på utført arbeid av driftsentreprenørar
- Utarbeide gode kontrollplanar og dokumentere og rapportere på resultata av kontrollane
- Fylgje opp og understøtte HMS-arbeidet innanfor kontraktsområdet
Kvalifikasjonar
Me søkjer etter ein kollega som har relevant utdanning frå universitet, høgskule eller fagskule. Dersom du har allsidig og sterk praksis eller etterutdanning, og gode personlege føresetnader for stillingane, kan me sjå vekk frå utdanningskravet. Du må ha førarkort klasse B.Personlege eigenskapar
Me ynskjer oss ein kollega som kan bidra både fagleg og sosialt. Som kontrollingeniør bør du vera kvalitetsbevisst og god på dokumentasjon. Du må gjerne ha erfaring som kontrollingeniør frå før.Personleg egenskap vert lagt stor vekt på i denne stillinga; ein må ha gode samarbeidsevnar og kunna samarbeide godt, både med kollega og med publikum. Som arbeidstakar jobbar du godt sjølvstendig og fleksibelt, men bidreg også godt i både det faglege og det sosiale fellesskapet. Kontrollingeniørane våre bør vera løysingsorienterte og ha god gjennomføringsevne
Vi tilbyr
Du blir ein del av eit sterkt tverrfagleg miljø og vi kan love deg varierte arbeidskvardagar og meiningsfulle arbeidsoppgåver, med gode moglegheiter for fagleg påverknad og utvikling.
Vi er opptekne av å ha kollegaer som trivst saman i eit uformelt arbeidsmiljø - på denne måten får vi det beste ut av kvarandre og skaper engasjement.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtal
- Tenestebil vil være tilgjengelig
Anna
- Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
- Personleg eignaheit vil bli vektlagd
- Vi gjer merksam på at i fylgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkarliste vil du alltid bli varsla før søkarlista vert offentleggjort
Kontaktinformasjon
Mariann Kråkenes Jørgensen, leiar, 95088763Arbeidsstad
Gurid Almenningens Plass5700 Voss
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4914479884
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.02.2025
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2857673
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a4678698d61648edb070233062b1dd09