Sjukepleiar/Vernepleiar Gotatoppen
Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune
Grandavegen 9, 6823 Sandane, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/Vernepleiar Gotatoppen
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 29. september
Hei, vil du vere med på laget i ei framtidsretta teneste? 😊 Vi har ei spennande stilling ledig innan demensomsorg og alderspsykiatri.
Vi søkjer etter ein engasjert og dyktig sjukepleiar/vernepleiar som ynskjer å vere ein del av ei teneste med visjonen «saman blir vi sterkare». Vi søkjer etter deg som har ynskje om å vere ein viktig verdiberar knytt til kunnskap, omsorg, mot og tillit.
Gotatoppen er omsorgsbustadar med bemanning heile døgnet med tre avdelingar - Lyngtunet, Bregnetunet og Plassen - med åtte brukarar på kvar avdeling.
Gjennom metoden VIPS har ein implentert personsentrert omsorg i avdelingane.
Vi har ledig ei fast stilling i 100 % som sjukepleiar/vernepleiar frå 01.01.26. Anna stillingsprosent og oppstartsdato er og aktuelt.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåva er å saman arbeide for at bebuarane får gode dagar. I kvardagen har vi fokus på miljøarbeid og aktivitetar tilpassa den enkelte, i tett samarbeid med pårørande. Ein har ansvar for at bebuarane får nødvendig medisinsk behandling, etter gjeldande retningslinjer og prosedyre. Vi har starta arbeidet med TØRN der vi har endra arbeidsoppgåver for sjukepleiar/vernepleiar.
- hjelpe og tilrettelegge for at dei som bur der får utført sine daglege gjeremål
- legemiddelhandtering
- sjukepleiarfaglege oppgåver
- dokumentasjon
- tverrfagleg samarbeid
- rettleie studentar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter deg som
- held deg fagleg oppdatert, og har ei interesse for eldreomsorg og alderpsykiatri
- evner å tenke heilheitleg, har fokus på løysingar, er fleksibel og strukturert
- har evne til å dele og formidle kunnskap på ein god og trygg måte
Vi tilbyr
- Varierte og lærerike arbeidskvardagar
- Gode kollegaer, eit godt og stabilt arbeidsmiljø
- Fagleg utvikling med tilbod om aktuell vidareutdanning
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
- Stilling organisert i årsturnus. Ein ser og på alternative turnusordningar som til dømes langvakter
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Andrea Kandal, Avdelingsleiar Gotatoppen, +47 94989709Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818
Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 5013916045
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.09.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Eva Skrivervik-Alme
Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta
+47 48894818
Andrea Kandal
Avdelingsleiar Gotatoppen
+47 94989709
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f64d9f4c-adf9-4c56-bb7d-646977a3e8a6
- Hentet fra
talentech
- Referanse
262075e69f1643f4bbed567e96ef6de9