Pedagogisk leiar
Sveio kommune
Tittelsnesvegen 732, 5554 Valevåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Pedagogisk leiar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 27. november
Om stillinga
Det er for tida to ledige vikariat i Sveio kommune:
Det er ledig eit 100% vikariat som pedagogisk leiar i barnehagen ved Valestrand oppvekstsenter frå 01.01.2026 til 31.08.2026.
Det er ledig eit 100% vikariat som pedagogisk leiar i Førde barnehage frå 01.01.2026 til 14.08.2026.
Om Valestrand oppvekstsenter:
Valestrand oppvekstsenter ligg idyllisk til i Valevåg i Sveio kommune. Barnehagen som er samlokalisert med skulen har svært gode ute- og leikeområde. Oppvekstsenteret har som motto: «Barnehage og skule – hand i hand». Leiar ved oppvekstsenteret er styrar og rektor.
Barnehagen har pr. januar 2026 10 barn i alderen 3-5 år. Barnehagen følger pedagog- og bemanningsnorm og har ein pedagogisk leiar i 100% stilling. Det er og i dag omlag 200% ressurs for fagarbeidarar. Barnehagen har syskengruppe og er ikkje delt inn i avdelingar.
Sveio kommune og Valestrand oppvekstsenter arbeidar etter prinsippa i verktøy som «Vere saman», CircleOfSecurity (COS) og no «Se barnet innenfra». Elles er me opptekne av språkutviklinga til kvart einskild barn og arbeidar for eit godt samarbeid med føresette og ressursteamet i kommunen. Hovudfokus for utviklingsarbeidet er det daglege arbeidet med barna.
Personalgruppa er prega av openheit, fleksibilitet og samarbeid. Oppvekstsenteret skal vere eingod stad å arbeida. Som pedagogisk leiar i barnehagen vil du få moglegheit til å utvikle leiareigenskapane dine ved organisering av kvardagen og barnegruppa, planarbeid og rettleiing av medarbeidarar. Den leiande pedagogen har og vore tildelt ei teamleiarrolle med ansvar for vaktplanen. Utkast til årsplanen blir utarbeida av pedagog og einingsleiar, denne går til Samarbeidsutvalet for godkjenning. Årsplanen er lagt opp med tema knytt til fagområda i rammeplanen.
Om Førde barnehageFørde barnehage er ein kommunal barnehage som held til i Førdebygda i Sveio kommune. Det er 3 avdelingar med barn i alderen 1-6 år. Vi er midt i ein god utviklingsprosess, kor vi jobbar målretta og systematisk med barnehagen som pedagogisk verksemd med fokus planlegging, evaluering, progresjon og dokumentasjon i det pedagogiske arbeidet. I dette arbeidet samarbeider vi tett med bl.a. høgskulesektoren.
Arbeidsoppgåver
- Bidra med, og setje i verk det pedagogiske arbeidet i tråd med godt fagleg skjønn
- Planlegge, gjennomføre og dokumentera, vurdera og utvikla arbeid i høve enkeltbarn og barnegruppa
- Rettleiing av personale, foreldresamarbeid, tverrfagleg samarbeid
- Prosjektarbeid/utviklingsarbeid
- Pedagogisk leiar har ansvar for sette ut i livet, og leie det pedagogiske arbeidet i tråd med godt faglegskjønn
- Pedagogisk leiar skal sørge for at barnehagelova og rammeplanen blir oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet
- Pedagogisk leiar har ansvar for leie arbeidet med planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa eller innanføre dei områda han/ho er sett til å leie
- Pedagogisk leiar har ansvar for foreldresamarbeid
- Pedagogisk leiar har ansvar for å legge til rette for og koordinere spesialpedagogisk arbeid og samarbeid rundt barn med spesielle behov
- Pedagogisk leiar forpliktar seg til å jobbe i tråd med barnehagen si pedagogiske plattform og kommunen sine faglegesatsingar
Kvalifikasjonar
- Godkjent 3-årig høgskuleutdanning som barnehagelærar. Anna relevant utdanning/praksis vil vurderast
- Erfaing frå arbeid i barnehage er ein fordel
- Tilfredsstilliande politiattest må framvisast ved tilsetting
- Utdanning frå utlandet må vere godkjent frå NOKUT
- Det er ønskeleg med erfaring i oppfølging av barn med spesielle behov
- Det er ei forutsetting at søkar har grunnlegjande forståing for og kan nytte IKT som verktøy
- Norsk er arbeidsspråk i Sveio kommune. Du snakkar, les og skriv så godt norsk at du kan samarbeide med andre og utføre arbeidsoppgåvene dine sjølvstendig
- Sterk fagleg kompetanse og gode samarbeidsevner
- Jobbe sjølvstendig, vere løysingsorientert og vise fleksibilitet i arbeidet
Personlege eigenskapar
- godkjend barnehagelærarutdanning eller annan relevant utdanning som kvalifiserer for arbeid som pedagogisk leiar i barnehage
- nyfiken, motivert og undrande saman med barn
- god relasjonskompetanse og god omsorgsevne
- sterk fagleg kompetanse og gode samarbeidsevner
- interesse for å vidareutvikle deg sjølv og kollegaer
- kunne jobbe sjølvstendig, vere løysingsorientert og vise fleksibilitet i arbeidet
- god forståing og evne til planleggings- og evalueringsarbeid
- kreativitet og humor
- glad i friluftsliv
Vi tilbyr
Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap
Eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle
Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktpersoner for stillingen
Hilde Lunde Johannessen
Einingsleiar Førde barnehage
+4792890268
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.
Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f6363967-99d9-43fe-8e9c-bffee2016e58
- Sist endret
11. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10269787
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Kolnes barnehage, Karmøy kommune
Sted
Kolnes
Pedagogisk leder
Arbeidsgiver
Tysvær kommune Barnehage
Sted
Aksdal
Arbeidsgiver
Villvettene Friluftsbarnehage Avd Rommetveit As
Sted
Stord