Sjukepleiar eller helsefagarbeidar – vil du ha ein jobb med friheit, fag og fellesskap?
Bemanningssenteret Stord Sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. oktober
Ønskjer du ein jobb med variasjon, utvikling og stor fleksibilitet?
Hos oss i Bemanningssenteret på Stord sjukehus får du ein arbeidskvardag der ingen dagar er like. Du får påverke eigen turnus, bygge brei erfaring og utvikle deg fagleg – alt medan du blir kjent med mange flotte kollegaer på tvers av sjukehuset.
Her får du ein arbeidsplass som gir deg både fleksibilitet, tryggleik og fagleg påfyll – og eit fleksibilitetstillegg på 33 000 kr i full stilling.
Sjukepleiarar? 🌟 For deg som ønskjer variasjon og trivst med å jobbe på fleire avdelingar. Her får du påverke eigen arbeidskvardag, utvikle kompetansen din og bygge brei erfaring på tvers av fagfelt.
Helsefagarbeidarar? 🫶 For deg som vil utvikle brei klinisk kompetanse og lære prosedyrar som vanlegvis vert utført av sjukepleiarar. Du får solid opplæring og støtte frå erfarne kollegaer – og ein kvardag som gir både meistring og utvikling.
📞 Har du spørsmål? Ikkje nøl med å ta kontakt for ein uforpliktande prat – vi fortel gjerne meir om korleis det er å jobbe hos oss.
👉 Søk no - vi gler oss til å ha deg med på laget!
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Fleksibel arbeidsplan – du er med og styrer turnusen din.
- Fleksibilitetstillegg på 33 000 kr/år i full stilling.
- Variasjon og læring på tvers av fagfelt.
- Moglegheitfor å byggje brei erfaring og kompetanse
- Nye kollegaer og nettverk på fleire avdelingar.
- Vi legg til rette for vidareutdanning og fagleg utvikling.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Autorisert sjukepleiar eller helsefagarbeider
- Gode IT-kunnskaper
- Kjennskap til DIPS og Meona er ein fordel, men opplæring blir gitt
- Erfaring frå arbeid i sjukehus er ønskjeleg, men opplæring blir gitt
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- trivst med å jobbe på ulike avdelingar og raskt finn deg til rette
- tek ansvar og viser omtanke for både pasientar og kollegaer
- deler kunnskap og bidreg til godt samarbeid
- held deg fagleg oppdatert og finn løysingar i ein travel kvardag
- held deg fagleg oppdatert og tek gjerne initiativ til å lære noko nytt.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Toril Førland, Funksjonsleiar, +47 99201883, toril.johanson.forland@helse-fonna.noArbeidsstad
Tysevegen 645416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5023870152
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f50b75a1-8252-4b4a-98fc-ffd70af66f18
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c6a297289b874b518774a1b08303e656