Tilkallingsvikar til Osterøyskulen 1.-7. trinn
Osterøy kommune
Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tilkallingsvikar til Osterøyskulen 1.-7. trinn
Type ansettelse
Vikariat, deltid 1%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
10
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. juni
Om stillinga
Osterøy kommune har fire barneskular:
- Fotlandsvåg skule
- Haus skule
- Valestrand skule
- Lonevåg skule
Barneskulane våre har kontinuerleg behov for trygge og stabile vaksne for å sikre at elevane får ein trygg, god og kjekk skulekvardag.
Ved å søkje på denne stillinga søkjer du som tilkallingsvikar i barneskulane våre. Du må gjerne opplyse om du har eit ønskje om skule, men du vil kunne bli kontakta av andre skular dersom det er behov for vikar.
Arbeidet kan bestå av både undervisning og arbeid som pedagogisk medarbeidar i skule og skulefritidsordning.
Har du særleg kompetanse eller erfaring frå arbeid i skule ønskjer vi gjerne at du gjer greie for dette i søknaden din.
Vi vil fortløpande ta kontakt med aktuelle kandidatar etter kvart som behovet for vikar oppstår. Om du ikkje lenger ønskjer å stå på lista som tilkallingsvikar ber vi om at du trekkjer søknaden din eller gjer oss melding om at du ikkje lenger er tilgjengeleg.
Velkomen som jobbsøkjar i Osterøyskulen! Me gler oss til å bli kjent med deg!Ønskja kompetanse hjå deg som vikar
Erfaring frå arbeid med barn og unge, særleg i skule, er ønskjeleg men dette er likevel ikkje eit krav.
Vi ønskjer både søkjarar som har utdanning som lærar, barne- og ungdomsarbeidar eller er barnehagelærar. Har du ikkje den formelle kompetanse men gjerne erfaring frå arbeid med barn og unge, ønskjer vi også å kome i kontakt med deg.
Vi ønskjer vidare å kome i kontakt med deg som har andre relevante utdanningar og vi tar og gjerne i mot deg som er høgskulestudent i pedagogisk retta fag.
Personlege eigenskaper me ser etter
Vi søkjer etter deg som har eit ønskje om å arbeide med barn og unge og som trivast i rolla. Om du kan arbeide sjølvstendig, ta ansvar men og arbeide godt i team og er god på samarbeid, er dette eigenskapar som vil gå godt overens med arbeidet.
Arbeid i skule krev både tolmod men likefullt engasjement, kreativitet og positivitet! Vi er både ute og inne og ser etter deg som tar ei utfordring på strak arm og som bidrar der det trengs! Er du fleksibel på arbeidstidar og kan kome på kort varsel er dette eit stort fortrinn.
Vi tilbyr deg
- Gode arbeidsmiljø og kjekke kollegaer
- Ein utviklingsorientert organisasjon
- Uavhengig av kva for skule du arbeidar på, har skulen fokus på elevsyn som er tufta på fagfornyinga sin overordna del
- Skulane har fokus på profesjonelle læringsmiljø og framtidskompetanse
- Det er gode pensjonsvilkår i SPK (undervisningsstilling) og KLP(fagarbeidar/pedagogisk medarbeidar/assistent).
- Det er gode forsikringsvilkår som tilsett i Osterøy kommune! Desse er for tida plasserte hjå KLP
- Løn etter gjeldande avtaleverk. Vi har eigne ordningar for deg som er lærarstudent!
Anna informasjon
Alle søknadar skal registrerast gjennom JobbNorge.
Dersom du får tilbod om stilling i Osterøyskulen må du leggje fram gyldig politiattest som er heimla i Opplæringslova § 17-11. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar på tiltredingstidspunktet.
Eventuelle vitnemål og attestar frå tidlegare arbeidserfaringar må leverast til postmottaket ved tilbod om stilling, dersom du ikkje har lasta opp dette som vedlegg i søknaden din, slik at det vil bli gjort ei individuell vurdering av rett lønsnivå for deg med di erfaringsbakgrunn og utdanningsnivå!
Du er velkomen til å ta kontakt med ein av rektorane våre for ein kjekk prat. Kontaktinformasjon finn du nederst på denne sida.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ei meiningsfull arbeidskvardag.
Sektor
Offentlig
Nettsted