Psykisk helse og rus har ledig stilling som
Sunnfjord kommune Psykisk helse og rus
Sunnfjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 28. september
Psykisk helse og rus i Sunnfjord kommune er ei eining som er delt i fire soner. I Naustdal, på Vassenden, i Førde og på Sande. Vi er ei eining som gjev tilbod om samtaleoppfølging og praktisk bistand til personar med psykisk helse- og rusutfordringa heimehøyrande i kommunen. Vi jobbar brukarnært og mange av brukarane våre treng til tider tett og kontinuerleg oppfølging, med trygge og føreseielege rammer. Vi har eit tett samarbeid med jobbspesialistar.
I eininga er vi omlag 21 årsverk fordelt på dei ulike sonene. Dei tilsette innehar stor grad av fagleg kompetanse og er oppteken av å yte gode tenester. Vi jobbar i team, men mykje av arbeidet er også ein til ein oppfølging. Dette utløyser ein stor grad av sjølvstende i det daglege arbeidet og fordrar at ein er trygg på eigne avgjersler.
Vi ynskjer å finne ein dyktig fagperson som kan bidra positivt inn i eininga vår. Vi håpar det er deg. Oppmodar menn om å søke, då vi ynskjer å ha ei jamnare fordeling av kvinner og menn i eininga vår.
Vi har ledig:
100 % fast stilling som miljøterapeut
Stillinga er i utgangspunktet turnusarbeid (dag/kveld og mogleg helg) og ligg til sone Førde. Grunna omorganisering vil ein også vurdere om stillinga skal vere knytt til dagarbeid. Sunnfjord kommunen er i stadig utvikling og ein må difor ta høgde for at det kan verte behov for endringar i arbeidstid og stad. Skulle det komme eit behov for arbeid i andre soner enn Førde, kan det verte aktuelt å jobbe der i kortare periodar. Søkar må ta høgde for å måtte arbeide delar av tida i sone Sande ein periode, då ein har redusert bemanning grunna foreldrepermisjon.
Kvalifikasjonar:
- Relevant høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag. Personar med pedagogisk utdanning vil også verte vurdert.
- Ynskjeleg med vidareutdanning innan feltet rus og rusproblematikk. Også vidareutdanning psykisk helsearbeid, vert vurdert til å vere relevant. Relevant erfaring kan vurderast som kompensasjon for manglande vidareutdanning.
- Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter.
- Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar vert vektlagt i stor grad og vi ser etter deg som har:
- gode samarbeidsevner
- positiv, nysgjerrig og reflekterande
- strukturert
- sjølvstendig og trygg
- fleksibel og løysningsorientert
- bidreg positivt i arbeidsmiljøet
Arbeidsoppgåver:
- oppfølging av tenestemottakarar
- dokumentere i relevant fagsystem
- arbeide tett og tverrfagleg med samarbeidspartar
- bidra i felleskap til planlegging og systematisering av arbeidsdagen
Vi tilbyr:
- tverrfagleg arbeid
- engasjerte kollegaer og leiarar
- godt arbeidsmiljø
- faglege utfordringar
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Tiltreding i stilling frå snarast. Akuelle søkarar vert kalla inn til intervju.
Du må søke elektronisk.
Velkommen som søkar!
Alle søkarar kjem på offentlig søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakast offentligheit i tekstfeltet til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f4beff18-e448-4644-bd24-386f7cb2e9e2
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3542741_143429_nn