Hopp til innhold

ID 1046 - Lærling frå haust 2026 i Fitjar kommune

Arbeidsgiver

Fitjar Kommune

Sted

5419 Fitjar

Om jobben

Stillingstittel
Lærling ernæringskokk
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk snarest mulig

Fitjar kommune søkjer etter lærlingar for oppstart hausten 2026

Du må skrive i søknadsteksten kva fag du søkjer deg som lærling innan. Me søker etter lærling innan faga:

  • Helsefagarbeidar

  • Ernæringskokk

  • barne- og ungdomsarbeidar

Fitjar kommune er ein triveleg arbeidsplass som byr på varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter til både fagleg og personleg utvikling.

Me ser etter deg som:
  • Er motivert og interessert i faget og vil bidra med eigeninnsats og engasjement.

  • Viser omsyn og respekt.

  • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre

  • Kan kommunisere med menneske med ulik bakgrunn og i ulike situasjonar.

  • Viser forståing for andre.

  • Viser ansvar og er påliteleg.

  • Fullført eller gå på Vg2

Me kan tilby:
  • Løn etter tariff.

  • Godt arbeidsmiljø.

  • Gode læresituasjonar.

Som lærling vil du få god opplæring i eit profesjonelt miljø, men det krev også pålitelegheit, eigeninnsats og engasjement for å lykkast og utvikle deg i faget.

Vi ser etter deg som er nysgjerrig, engasjert og klar for å ta ansvar for eigen læring og utvikling. Tilsetjing etter gjeldande lov- og avtaleverk for lærlingar i kommunal verksemd. Attestar og vitnemål tas med til eit eventuelt intervju.

Lærling helsefagarbeidar

Ønskjer du å gjere ein forskjell i menneskers liv? Som lærling i helsefagarbeid vil du få verdifull erfaring innan pleie og omsorg. Du vil jobbe tett med erfarne fagfolk og bidra til å gi våre innbyggjarar den beste omsorga.

Som lærling i helsearbeidarfaget vil du få god opplæring i å yte praktisk hjelp, pleie og omsorg til menneske som treng det. Du får jobbe med menneske i forskjellige aldrar og livssituasjonar. Det kan vere born, vaksne og eldre med ulike funksjonsvariablar og sjukdommar eller behov for rehabilitering. I løpet av læretida vil du få praksis på sjukeheim, heimebaserte tenester og avdeling Habilitering.

Lærling kokk

Har du ein lidenskap for matlaging og ønskjer å utvikle dine kulinariske ferdigheiter? Vi tilbyr ein spennande lærlingplass der du får moglegheita til å jobbe i vårt kjøkken og lære av dyktige kokkar. Du vil vere med på å lage næringsrike og smakfulle måltid til våre innbyggjarar.

Som kokkelærling vil du få omfattande opplæring i eit profesjonelt kjøkkenmiljø, inkludert lære om IK-Mat (Internkontroll Mat), som sikrar at maten me serverar er trygg og av høg kvalitet. Du vil få vegleiing og oppfølging av erfarne kokkar som vil hjelpe deg med å utvikle dine ferdigheiter og nå dine læringsmål.

Lærling barne- og ungdomsarbeid

Er du glad i å jobbe med barn og ungdom? Som lærling i barne- og ungdomsarbeid vil du få moglegheita til å bidra til ein trygg og utviklande kvardag for våre yngste innbyggjarar. Du vil jobbe i barnehagar, skular og skulefritidsordning (SFO), og vere med på å planlegge og gjennomføre aktivitetar.

Som lærling i barne- og ungdomsarbeid vil du få erfaring frå ulike arbeidsplassar. Du vil få opplæring i pedagogiske metodar og teknikkar som fremjar sosial og motorisk utvikling hjå barn og unge. Du vil vere med på å planlegge og gjennomføre aktivitetar som bidreg til læring, leik og utforsking. Du vil lære å samarbeide med anna pedagogisk personell, barn, unge og føresette for å skape eit trygt og utviklande miljø.

For å søke om læreplass så må du registrere deg i VIGO. Ved å søke her så blir du linka over til Fagbrev.io der det er fagopplæringskontoret i ytre sunnhordland som får søknadane og tilset i lag med kommunen.

Kontaktperson for stillingen

Ida Elin Hatlevik Tvedt

Senior HR-rådgjevar

99023448

idatve@fitjar.kommune.no

Om bedriften

Å vere lærling i ein liten kommune som Fitjar betyr nærleik -- både til menneska du jobbar med, og til oppgåvene du får. Her blir du sett, inkludert og følgt opp av fagfolk som verkeleg har tid til deg. I ei mindre kommune får du oftare prøve deg på fleire ulike oppgåver, noko som gir brei erfaring og ein trygg start på yrkeslivet. Du blir ein viktig del av eit lite, men kompetent fagmiljø -- og innsatsen din blir lagt merke til. I Fitjar kommune får du utvikle deg, vekse i rolla og samtidig vere ein del av eit godt og varmt lokalsamfunn.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f4a3fb55-d43c-49d9-a79d-e8f2830060d3

Sist endret

24. februar 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

f4a3fb55-d43c-49d9-a79d-e8f2830060d3

Lignende annonser