Barnesjukepleier/sjukepleier
Barnepost, Haugesund Sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Barnesjukepleier, sjukepleier
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 17. november
Vil du vere med og gjere ein forskjell - kvar einaste dag? Då må du bli ein del av vårt engasjerte team ved barne- og ungdomsavdelinga.
Vi søkjer to engasjerte og fagleg sterk sjukepleiar til fast 100% stilling. Her får du ein meiningsfull arbeidskvardag med små pasientar og store augeblikk.
Barne- og ungdomsavdelinga ved Haugesund sjukehus tilbyr medisinsk og kirurgisk behandling for barn og ungdom frå 0 til 18 år. Vi legg stor vekt på heilskapleg omsorg, tverrfagleg samarbeid og eit varmt møte med pasientar og familiar. Hos oss møter du engasjerte kollegaer med høg fagleg kompetanse, og eit godt arbeidsmiljø prega av samarbeid, openheit og humor.
Arbeidet går føre seg i turnus med dag-, kveld-, og nattevakter, og gir deg varierte og utfordrande oppgåver innan både akutt og planlagd behandling. Her får du høve til å bruke både fagkunnskap og omsorgsevne og delta i vidareutvikling av eit kompetent og framtidsretta fagmiljø.
Hos oss får du ein arbeidskvardag som er både utfordrande og meiningsfull - og full av små augeblikk som gjer ein stor forskjell.
👉 Vil du bli ein del av vårt gode team? Då gler vi oss til å høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?
- Samarbeid med foreldre, pårørande og tverrfagleg team rundt pasienten
- Planlegging og gjennomføring av pasientforløp
- Sjukepleie til barn og ungdom med like medisinske, kirurgiske og psykiske tilstandar
- Dokumentasjon i journalsystema DIPS og Meona
- Rettleiing av studentar og nytilsette
- Bidra til fagutvikling, internundervisning og kvalitetsarbeid
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Erfaring frå barneavdeling, nyføddintensiv eller liknande er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
- Gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å skape tryggleik for barn og familiar.
Personlege eigenskaper vil bli vektlagde
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- Bidreg positivt til arbeidsmiljøet og bryr deg om kollegaene dine
- Ser etter løysingar og tek initiativ i ein aktiv og tidvis hektisk kvardag
- Er profesjonell og omsorgsfull i møte med pasientar og familiar, og skaper tryggleik
- Er fagleg trygg, strukturert og nøyaktig
- Kan handtere akkutte situasjonar og gi sjukepleie til alvorleg og akutt sjuke barn
Kvifor skal du velje oss?
- Eit varmt og inkluderande arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse.
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver.
- Systematisk opplæring, rettleiing og faste fagdagar i turnus.
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
- Løn etter gjeldande tariffavtale.
Kontaktinformasjon
Charlotte Rugtveit, Funksjonsleiar, +47 52732000, charlotte.rugtveit@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5036146198
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f484cd51-3b66-4b13-bdd0-f85f45d0fcdc
- Sist endret
6. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
55481fc9e9504855805c1d9981b53673
Lignende annonser
Sykepleier
Arbeidsgiver
Hemato/endo/infeksjon sengepost Haugesund
Sted
Haugesund
Sjukepleiar
Arbeidsgiver
Ortopedisk post, Haugesund Sjukehus
Sted
Haugesund
Arbeidsgiver
Sentrum behandlingssenter, avd. natt
Sted
Haugesund