Hopp til innhold

Dyktig jurist med solid erfaring innan konkurranserett

Arbeidsgiver

Konkurransetilsynet

Sted

Zander Kaaes gate 7, 5015 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Jurist
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 6. september

Konkurransetilsynet har som hovudoppgåve å fremje konkurranse til det beste for forbrukaren, mellom anna ved å handheve konkurranselova. Tilsynet sine tilsette arbeider dagleg med spennande og utfordrande konkurransesaker som involverer sentrale aktørar innan norsk næringsliv. Tilsynet sine tilsette arbeider saman med andre europeiske land sine konkurransestyresmakter, EFTAs overvakingsorgan (ESA) og Europakommisjonen, og deltek dessutan i anna internasjonalt samarbeid innan våre fagområde.

Vi søkjer etter ein dyktig og erfaren jurist med solid erfaring frå arbeid med konkurranserett, som ynskjer å inngå i eit sterkt fagmiljø og være involvert i mange av våre krevjande konkurransesaker. Vi ser etter deg som er effektiv, liker å jobbe med utfordrande rettslege problemstillingar, handterer komplekse saker og bidrar aktivt til fagleg utvikling gjennom sparring og kunnskapsdeling.

I denne stillinga blir du ein del av Marknadsavdelinga for Finans og Kommunikasjon, der du saman med dyktige kollegaer bidreg til å handheve konkurranselova og utvikle konkurranseretten i praksis. Hos oss vil du oppleve ein variert arbeidskvardag med faglege utfordringar og fordjuping. Du får mellom anna ein unik moglegheit til å arbeide med dei største oppkjøpa i det norske næringslivet og etterforsking av moglege brot på konkurranselova. Konkurransetilsynet sin moglegheit til å ileggje alvorlege administrative sanksjonar stiller strenge krav til saksbehandling og prosess, og krev at du som jurist set deg grundig inn i aktuelle rettsreglar både innan forvaltningsrett, EU/EØS-rett og konkurranserett. I tillegg vil du gjennom arbeidet få særskilt kompetanse om korleis viktige norske marknader fungerer.

Juristar i Konkurransetilsynet samarbeider tett med økonomar, etterforskarar og tilsette med særskilt digital kompetanse, og krev gode samarbeidsevner.

Arbeidskvardagen i Konkurransetilsynet er prega av ulike former for utadretta verksemd. Gjennom arbeidsoppgåvene vil du vere i hyppig kontakt med sentrale aktørar i norsk næringsliv, andre offentlege instansar, internasjonale organisasjonar og andre fagmiljø innan juss og økonomi.

Kva skal du jobbe med?

Som jurist hos oss vil du mellom anna:

  • arbeide med kompliserte juridiske vurderingar, mellom anna innan konkurranserett, forvaltningsrett og EU/EØS-rett.
  • delta aktivt og samarbeide i prosjektgrupper og tverrfaglege team. Bidra til kvalitetssikring og vidareutvikling av juridiske arbeidsmetodar og praksis.
  • skrive Konkurransetilsynet sine varsel og vedtak
  • ha kontakt med sentrale aktørar i norsk næringsliv og rådgivarane deira, andre offentlege myndigheiter, utanlandske konkurransemyndigheiter og internasjonale organisasjonar
  • bidra med innhenting- og kartlegging av faktum (blant anna bidra i bevissikringar, forklaringsopptak, gjennomgang av beslag m.m.)
  • ta del i arbeid med endringar i lov- og forskriftsverk på konkurranseretten sitt område, samt inngje høyringssvar til andre styresmakter sitt regelverksarbeid
  • delta i eksterne aktivitetar, som f.eks. å halde foredrag, og anna representasjon
KvalifikasjonskravVi søkjer deg som har følgande bakgrunn:
  • Master i rettsvitskap eller juridisk embetseksamen (cand. jur.) med gode resultat. Internasjonale grader må være godkjent av NOKUT/HK-dir.
  • Minst 5 års solid erfaring frå arbeid med konkurranserett
  • Svært gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
Vi legg vekt på at du er
  • Fagleg trygg med ein strukturert og sjølvstendig arbeidsmåte
  • Effektiv, med svært gode samarbeidsevner
Og har:
  • Analytiske evner og ei resultatorientert haldning
  • Svært godt juridisk skjønn
  • God prioriteringsevne og handlekraft
  • Interesse for samfunnsutvikling og konkurransepolitikk
Vi kan tilby deg

Å bli ein del av vårt inspirerande, faglege og gode arbeidsmiljø. Vi legg vekt på gode lærings- og utviklingsmoglegheiter i arbeidet vårt. Arbeidsoppgåvene blir svært varierte, og du får arbeide med ei rekke spennande og utfordrande konkurransesaker, i team med andre svært dyktige juristar og økonomar. Våre tilsette deltar aktivt på interne og eksterne kurs og konferansar. Vi har også gode ordningar for dei som ynskjer relevant vidareutdanning.

Våre moderne og universelt utforma lokale sentralt i Bergen sentrum gir deg ein flott base å arbeide frå. Vi er opptekne av ein god balanse mellom jobb og fritid, og hos oss får du fleksibel arbeidstid, moglegheit for heimekontor og trening i arbeidstida. Sykkelparkering og flotte garderobefasilitetar er også på plass. Vi har god pensjonsordning hos Statens Pensjonskasse, gode velferdsordningar, kantine og eige bedriftsidrettslag.

Stillinga blir lønna ut frå kvalifikasjonar og I samsvar med det statlege lønnsregulativ som seniorrådgjevar (st. kode 1364) i lønnsspennet kr. 850 000 – 1 000 000. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.

Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan gjerast offentleg sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25. Dersom ein søkjar ynskjer å reservera seg frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast i søknaden.

Les dette før du søkjer

Vi i Konkurransetilsynet er opptekne av å ha eit inkluderande arbeidsmiljø. Mangfald betraktar vi som ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkjar til å krysse av for dette i jobbsøkjarportalen. Her er det fleire kategoriar, og så sant det er kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velgje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avgrensingane til noko anna enn anonymisert statistikk.

Er du nysgjerrig og vil vite meir om stillinga?

Ta kontakt med avdelingsdirektør Gjermund Nese, gjne@kt.no, 911 78 713 eller seniorrådgjevar Linn Roti, lknr@kt.no, 934 11 610.

Søknadsfrist: 6. September 2026
Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Gjermund Nese

91 17 87 13

gjne@kt.no

Om bedriften

Konkurransetilsynet sitt samfunnsoppdrag er å sikre konkurranse til fordel for forbrukar og næringsliv. Gjennom handheving av konkurranselova skal tilsynet avdekke konkurranseskadeleg samarbeid og misbruk av dominerande stilling. Tilsynet vurderer også om fusjonar og oppkjøp kjem forbrukar til gode. Konkurransetilsynet deltek aktivt i internasjonalt samarbeid innan sine fagområde. Konkurransetilsynet har rundt 100 tilsette i moderne lokaler i Zander Kaaes gate 7 i Bergen. For meir informasjon sjå www.kt.no.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f464ce3e-3be7-40a0-aae4-89b1e6719c56

Sist endret

21. august 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3655131_42464_no

Lignende annonser

Laster lignende annonser