Sjukepleiar
SEKSJON FOR BARN OG UNGE SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Oppstart
- 15. januar 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 29. desember
Vi har opna Barnesengepost og poliklinikk med dagbehandling på SNR Hjelset og har behov for fleire tilsette.
Vi søkjer etter nye sjukepleiarar som har interesse, kompetanse og engasjement for å arbeide med den «nye» generasjonen, og som vil vidareutvikle seksjonen vår. Vi skal ta imot barn og unge frå 0–18 år innan barnemedisin, kirurgi/ortopedi, ØNH og auge.
- 1 x 80% vikariat ved sengepost i perioda 01.02.26 - 31.12.2026
- 1 x 100% vikariat, kombinert stilling ved poliklinikk og kvar 3.helg ved sengepost frå snarast - 30.06.2026
Andre stillingsbrøkar kan verte ledige ved intern omrokkering.
Vi vil gjere vårt beste for at du skal trivast og håper at du vil vere med oss i Norges mest moderne sjukehus på Hjelset.
Vi ønskjer søkjarar både frå Nordmøre og Romsdal. Er du usikker eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med meg!
Du er velkomen som søkjar!
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleieoppgåver til dei unge og håpefulle
- Opplæring og rettleiing til pasientane og deira pårørande
- Samarbeid med dyktige kollegaer frå ulike fagmiljø
- Handtering av medikament og god dokumentasjon
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Vi håper at du har erfaring frå pasientgruppa
- Det er ein fordel om du har god IT-kompetanse
- For arbeid med denne pasientgruppa må det framleggast politiattest
Personlege eigenskapar
- Ein kreativ og tålmodig lagspelar
- Spesiell interesse for barn og unge
- Du er dyktig til å kommunisere med pasientane
- Vi ser etter ein kandidat som er godt egna til pasientgruppa
Personlege eigenskapar og eignaheit vil verte vektlagd ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV.
Drøymer du om å bo med kort avstand mellom hav, fjell og fjord med rikt høve til friluftsliv? Å ha tilgang på eit rikt og engasjert kulturmiljø i ein kystbyar med ambisjonar?
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her!
Kontaktinformasjon
Siv Helen Kristoffersen, Seksjonsleiar, +47 71 11 72 42, Siv.Helen.Kristoffersen@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5053491085
Stillingsprosent: 100, 80%
Vikariat
Startdato: 15.01.2026
Søknadsfrist: 29.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f43c91c1-3aad-4c04-bba4-e506b8db50e9
- Sist endret
15. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1e428ce165534042bc45caa16e712026
Lignende annonser
Ferievikar 2026 - Sjukepleiar, sjukepleiarstudentar m.m.
Arbeidsgiver
Ferievikarer SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset
Arbeidsgiver
Sengepost Medisin 2 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset
Arbeidsgiver
Akutt psykisk helsevern SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset