Sjukepleiar 50 % stilling på natt ved Ørskog omsorgssenter
Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt, Ålesund kommune
Sjøholtvegen 82, 6240 Ørskog
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar 50 % stilling på natt ved Ørskog omsorgssenter
- Type ansettelse
- Fast, deltid 50%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 20. september
Ørskog omsorgssenter treng fleire sjukepleiarar. Vi har ledig 50 % stilling på natt, med arbeid kvar 3. helg.
Du arbeider i eit nattevaktsteam der vaktene er delt mellom arbeid inne på institusjon og ute i nattpatruljen. Ute i nattpatruljen har ein ansvaret for omsorgsboligar og heimebuande. Dette er ei varierande stilling med mange utfordringer.
Ørskog omsorgssenter har 17 sjukeheimsplasser fordelt på to avdelingar. Ei avdeling for personar med demens, ei avdelingar med langtidsplassar/ kortidsplassar/avlastning. Vi har eit allsidig praksisfelt, med eit stort spekter av pasientutfordringer og diagnoser. Det er dermed gode moglegheiter for å få bruke, samt videreutvikle sjukepleiekompetansen din hos oss. Vi er ein mindre institusjon med eit godt arbeidsmiljø, så her vil ein bli godt ivaretatt.
Ørskog er eit distrikt med nærleik til både natur og det urbane strøk. I nærområdet kan ein både finne flotte turmoglegheiter, både lette og meir utfordrande. Ein har butikk og shopping i nærleiken, både på Digernes, Moa og Ålesund sentrum.
Lokalmiljøet i distriktet Ørskog har elles mykje å by på. Barne og ungdomsskule, barnehage, dagligvarebutikkar, mange tilbod innan ma friluftsliv, idrett, treningssenter og kultur.
Arbeidsoppgåver
- Sikre at bebuarar/pasientar får nødvendig helsehjelp og tenester av god kvalitet i tråd med gjeldande lover, avtalar og retningslinjer
- Observasjon, kartlegging, iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal (Helseplattformen)
- Legemiddelhandtering, medisinsk behandling og oppfølging
- Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar
- Bidra til kvardagsmeistring og auka livskvalitet hos pasientar
- Fremje godt tverrfagleg samarbeid med koordinerings- og tildelingskontor, lege, fysio- og ergoterapeut og anna helsepersonell
- Samarbeide tett med pårørande og interne/eksterne aktørar
- Bidra til utvikling, engasjement og fagleg oppdatering på arbeidsplassen
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sykepleiar
- 3. års sykepleiestudenter kan søke, men ansettes med forbehold om godkjent autorisasjon
- Relevant erfaring er ein fordel
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR)
- Beherske IKT-verktøy
- Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar
- Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben.
- Det forutsettes at den som skal ansettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS).
- Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen mm).
Personlege eigenskapar
- Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på beboeren
- Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar
- Et støttende og engasjert kollegialt miljø
- Sjølvstendig og samarbeidsorientert
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Nytenkande og endringsvillig
- Personlege eigenskaper blir vektlagt
Vi tilbyr
- Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø
- Fagleg påfyll og moglegheit for vidareutdanning etter virksomhetens behov
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff
- Pensjonsordning i henhold til tariff
- Bedriftshelsetjeneste
- IA bedrift
Kontaktinformasjon
Sissel Nogva Refsnes, Avdelingsleiar, 922 06 402, sissel.nogva.refsnes@alesund.kommune.noLinn Evy Abelseth Søvik, Verksemdsleiar, 906 84 106, linn.evy.abelseth.sovik@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Sjøholtvegen 826240 Ørskog
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 5173512238
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 20.09.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen i Møre og Romsdal og den største byen mellom Bergen og Trondheim med ca. 60 000 innbyggere
Det lokale næringslivet er både lokalt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt orientert. Ålesund er «bygd» på fiske og fangst. Framleis er Ålesundregionen er verdsleiande på det marine og maritime området. Fleire av landets største fiskebedrifter og oppdrettsselskap held til i kommunen vår. Ålesund har Noregs største cruisehamn, største fiskerihamn og nest største containerhamn. Vi er og Noregs største eksporthamn på fiskeriprodukter.
Kommunen er det største kollektivknutepunktet i fylket, og tal frå 2016 viser at det årleg er rundt to millionar passasjerer som går av eller på ein buss eller båt i Ålesund.
Ålesund by er viden kjend for sin vakre jugendstil. Tårn, spir og vakre utsmykkingar møter deg som går gatelangs der.
Byen ligg som ein døropnar til fjordsystemet på Sunnmøre og strekk seg heilt nord til Ona utanfor Romsdalskysten. Andre attraksjonar i kommunen er Ona fyr og fantastiske fjell, fjordar og natur rett utanfor stovedøra.
Vi er ein universitetskommune og har eit nært samarbeid med NTNU på Campus Ålesund. På Campus Ålesund finn du òg Ålesund framtidslab - U4SSC ip.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f4195550-6e54-4c0f-a858-f263d24511d1
- Sist endret
4. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
add24dcdac20489b85a6200c13d061ce