Sjukepleiar? Då vil du ikkje gå glipp av dette!
Kirurgisk og medisinsk post Odda - Odda Sjukehus
Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 1. juli
Likar du at dagane flyg forbi fordi du alltid har noko viktig å gjere? At det somme dagar er fullt trøkk, medan andre dagar gir deg tid til å ta ein pust i bakken med gode kollegaer? Då er vår avdeling den rette for deg!
Avdelinga vår har 9 sengeplassar, samt 2 kommunale ØHD-senger for Ullensvang kommune. Vi jobbar i eit tverrfagleg miljø og opplever at vi har eit godt og nært samarbeid med både legar og fysioterapeutar.
Vi kan hjelpe deg med bustad, og du kan få nedskriving av studielån på 25 000 kroner etter at du har vore busett i eitt år. Her får du gode høve til fagleg utvikling i eit nært og inkluderande arbeidsmiljø – med naturen rett utanfor døra.
👉 Send inn søknaden din i dag – vi gler oss til å få deg med på laget!
Kva går jobben ut på?
- Sjukepleiefaglege oppgåver, prosedyrar og observasjonar.
- Gje pre- og postoperativ sjukepleie til pasientane.
- Dokumentere gjennom behandlingsplanar, målretta tiltak og evalueringar.
- Delta i tverrfagleg samarbeid for å sikre pasientane eit best mogleg opphald på avdelinga.
- Koordinere utskrivingar og samarbeide tett med kommunehelsetenesta.
- Rettleiing og opplæring av studentar og nytilsette.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar, eller du blir ferdig utdanna og får autorisasjon i løpet av sommaren 2026.
- Må ha gode IKT-kunnskapar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- tek ansvar og jobbar trygt på eiga hand, men veit også når du skal be om råd
- har god oversikt når det skjer mykje, og veit kva som må prioriterast først
- er ein lagspelar som finn gode løysingar saman med kollegaer
- trivst i eit team med ulike fagfolk og handterer ein travel kvardag godt
Kvifor skal du velje oss?
Jo, fordi vi har:
🔹 Variert arbeidskvardag – ingen dagar er like, og du får brei erfaring.
🔹 Trygt arbeidsmiljø – vi støttar kvarandre og jobbar godt i lag.
🔹 God opplæring – ein trygg start, anten du er nyutdanna eller erfaren.
🔹 Fagleg utvikling – læring og kompetanseheving er ein del av jobben.
🔹 Tilrettelagt turnus – vi undersøker muligheten for langvakter, vi har i tillegg ønsketurnus
Kontaktinformasjon
Andreas Jacobsen, Funksjonsleiar, 40518183, andreas.jacobsen@helse-fonna.noKristin Espe Jensson, Fagutviklingssykepleier, 53651013, kristin.espe.jensson@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 105750 ODDA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5146554624
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.07.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
I Helse Fonna er vi meir enn 3000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar og har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på facebook.com/helsefonna.
Odda er ein kulturby med naturskjøne omgivnader. Det er moglegheiter for mange ulike aktivitetar året rundt: Turar i fjellet, toppturar, Trolltunga og klatring i Via Ferrata, og sommarskisenter i Jondal. Kulturlivet er rikt og variert, som til dømes Litteratursymposiet, Hardanger musikkfestival, NM i morellspytting og blueshelg.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f4139043-9035-4237-95af-f3165b3750d5
- Sist endret
16. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
03f89fbe8bd545deb5ec1b7565307b28