Avdelingsleiar Knarvik barneskuleskule
Alver kommune
Lonsvegen 80, 5914 Isdalstø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar Knarvik barneskule
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 18. september
Om stillinga
Frå 01.01.2025 er ei av våre to avdelingsleiarstillingar ved Knarvik barneskule ledig. Stillinga er 100% fast, og inneheld både administrative oppgåver og undervisning.
Knarvik barneskule er ein nybygd skule som ligg sentralt plassert i høve natur og idrettsanlegg midt i Knarvik. Skulen vart teken i bruk i mai 2019 og framstår som ein topp moderne skule der alt ligg til rette for å skapa eit godt læringsmiljø for elevane. Til skulen ligg og Læringssenteret, eit senter som gjev eit tilpassa undervisningstilbod for elevar med særlege behov frå heile Nordhordland. Skulen har i dag ca 235 elevar og eit personale på vel 40.
Arbeidsoppgåver
Ønskjer du å arbeide med skuleleiing i eit triveleg og inspirerande arbeidsmiljø?
Du vil vere med på å skape eit inkluderande og støttande skulemiljø der elevane trivst og lukkast. Saman med vårt engasjerte team, vil du samarbeide om felles skuleutvikling og bidra til å leggje til rette for eit sterkt samarbeid mellom skulen og heimen.
Vi leitar etter deg, som kan tenkje deg varierte dagar, der du mellom anna :
- er del av leiargruppa på skulen
- er aktivt med i utviklingsarbeid
- har personalansvar på eiga avdeling
- har noko undervisning på eiga avdeling
- har oppfølging av resultat og individuelt tilrettelagt undervisning
- har ulike administrative oppgåver
Kven er du?
- Vi ser etter ein avdelingsleiar med godkjent lærarutdanning og sterke faglege og didaktiske kunnskapar.
- Du er ein tydeleg og strukturert person, som møter både elevar, føresette og tilsette på ein god måte.
- Du må ha gode norskkunnskapar, og kunne uttrykkje seg godt, både skriftleg og munnleg.
- Det er ein fordel om du har god kompetanse på IKT.
- Det er ønskjeleg med leiarutdanning og/eller leiarerfaring.
Personlege eigenskapar:
- Vi verdset eigenskapar som godt humør, og evne til å byggje gode relasjonar til både born og vaksne.
- Fleksibilitet, samarbeidsevne og syn for gode løysingar er viktige eigenskapar for å trivast på skulen.
- Du leverer god kvalitet på arbeidet enten det er i klasserommet eller i dei administrative oppgåvene.
- Du har høge ambisjonar for elevane, kollegaene og deg sjølv, og set alltid elevane sin trivsel og læring først.
Er du målretta, initiativrik og har eit sterkt engasjement for skuleutvikling? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Me tilbyr
- Eit fagleg dyktig kollegium
- Eit godt profesjonsfelleskap blant skuleleiarar
- Ein støttande og utviklingsorientert oppvekstsektor
- Leiaropplæring
- Løn etter avtale basert på utdanning og røynsle
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilsetjing i samsvar med lov- og avtaleverk
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidreg til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetodar og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I oppvekst arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og me får følgje deg gjennom livet!
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest
I tråd med opplæringsl § 10- 9 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Me er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Me verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Me legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der me søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Me ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f3e10aa3-f157-41f6-bae2-a48847fd7077
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10260571