Hopp til innhold

Helsesekretær/sekretær

Arbeidsgiver

Kirurgisk serviceseksjon Førde, Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Helsesekretær/sekretær
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 24. november

Likar du ein variert arbeidskvardag der du får hjelpe både pasientar, pårørande og kollegaer? Då kan du vere den vi leitar etter.

Kirurgisk serviceseksjon har om lag 30 tilsette som utfører helsesekretær- og pasientadministrative oppgåver for dei kliniske avdelingane i Kirurgisk klinikk: ØNH-/Kjeveavdeling, augeavdeling, kvinneklinikken, kirurgisk avdeling, ortopedisk avdeling, dagkirurgisk senter samt skopi- og kirurgipoliklinikken.  

Vi har ledig 100 % fast stilling frå 01.01.2027

Som tilsett hos oss blir du sjukehuset sitt ansikt utad, og ofte den første kontakten pasienten har med sjukehuset. Vi ser etter deg som møter pasientar, pårørande og kollegaer med openheit og hjelpsamheit. Du vil ha ei viktig administrativ rolle i pasientforløpet og bidreg til at kvardagen fungerer godt for både pasientar og behandlarar på sjukehuset.

Sjå videoen der Marielle fortel om kvardagen som helsesekretær – og kva som gir jobben hennar meining og verdi.

Er du tilsett i Helse Førde og ønskjer å gjere gjeldande fortrinnsrett til stillinga, ber vi deg opplyse om dette i søknaden.


Arbeidsoppgåver

Hos oss vil du mellom anna: 

  • svare på førespurnader frå pasientar og pårørande, både på telefon og ved fysisk oppmøte
  • utføre bestillingar, til dømes tolk og transport 
  • følgje opp vidare pasientforløp
  • arbeide med timeoppsett, ventelister, fristbrot og økonomisk oppgjer
  • registrere og dokumentere i digitale system som DIPS, Meona og CheckWare

Kva kompetanse er viktig i den rolla?

  • Autorisert helsesekretær eller helsefagarbeidar er ønskjeleg, men erfaring som sekretær/erfaring frå helsesektoren kan kompensere for formell utdanning
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå arbeid i sjukehus vil bli vektlagt
  • Det er ønskjeleg med kjennskap til journalsystemet DIPS, Microsoft365, Meona og Orbit

Personlege eigenskapar

Kva ser vi etter hos deg?

  • du tar ansvar og arbeider sjølvstendig 
  • du samarbeider godt og bidreg positivt i arbeidsmiljøet 
  • du tek initiativ og ser kva som må gjerast 
  • du klarer å prioritere og finne gode løysingar når det er travelt 
  • du arbeider strukturert og påliteleg 
  • du møter pasientar, pårørande og kollegaer på ein open og imøtekommande måte 
  • du lærer nye digitale system og arbeidsmåtar raskt 

Personlege eigenskapar vert vektlagde.

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • god opplæring i arbeidsoppgåvene og dei digitale systema vi bruker 
  • ein variert arbeidskvardag i eit fagmiljø med mange ulike oppgåver 
  • kollegaer som samarbeider godt og tek vare på kvarandre, også når det er travelt 
  • høve til fagleg utvikling gjennom kompetanseplanar, fagdagar og kurs 
  • gode pensjons- og forsikringsordningar


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Gitta Sas, Seksjonsleiar, +47 482 33 391

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5207643175
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2026

Kontaktperson for stillingen

Gitta Sas

Seksjonsleiar

+47 482 33 391

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f3b5d098-54c0-46a5-9824-8e87324ab7c7

Sist endret

10. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

fce40f51b36b428d9aeb961eaaff2942

Lignende annonser

Laster lignende annonser