Vikariat - Lærar på avdeling for særskilt tilrettelagt opplæring
OPK-FL - Flora vgs, Vestland fylkeskommune
6900 Florø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vikariat - Lærar på avdeling for særskilt tilrettelagt opplæring
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 17. september
Vi søkjer lærar på avdeling for særskilt tilrettelagt opplæring. Stillinga er eit vikariat frå 01.11.25 til 01.01.27. Stillinga er tillagt undervisning herunder og koordinerande oppgåver, innan planarbeid, oppfølging og evaluering i arbeidet i ei gruppe elevar med særskilde tilretteleggingsbehov. Fleire elevar med vedtak om individuelt tilpassa opplæring får opplæring i basisfag på grunnskulenivå, i tillegg til dagleglivstrening og yrkesretta opplæring. Såleis vi skulen ved tilsetting og kunne vurdere søkjarar som ikkje har godkjent lærarutdanning for ordinærar fagundervising i vidaregåande skule. Fagbakgrunn, realkompetanse og personleg eignaheit vil verte vektlagt i vurderinga av søkjarane.
Flora vidaregåande skule, ligg i Florø og har sju utdanningsprogram innan både studieførebuande- og yrkesfag. Vi er omlag 90 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for ungdom og vaksne.
Meir informasjon om skulen finn du på flora.vgs.no.
Frå snarast har vi ledig stilling som lærar i teknologi- og industrifag. Søknadsfrist 17.09.25
Arbeidsoppgåver
Etter kompetanse vert stillinga tillagt undervisning i basisfag grunnskulenivå, eventuell yrkesretta opplæring og dagleglivstrening. På avdelinga er det eit team av lærar og miljøarbeidarar. Stillinga er tillagt ansvar for å koordinere planarbeidet knytt til innhald, oppfølging og vurdering av opplæringa for ei gruppe på omlag 7 elevar.
Organiseringa kan være både individuelt og i gruppe. Til stillinga ligg det eit koordineringsansvar for praktisk og fagleg gjennomføring for dei tilsette som arbeider med elevgruppa.
Sentrale arbeidsoppgåver er:
Samarbeide med personalgruppa om å skape ein skulekvardag med læring, trivsel og utvikling for elevar
med samansette utfordringar.
Samarbeide med eksterne faginstansar og gi innspel til skulen si ressursdisponering innan tilrettelagt
opplæring.
Planlegge og gjennomføre opplæring i tilrettelagt gruppe.
Utarbeide individuelt tilpassa planar for kvar elev.
Ha kontaktlæraroppgåver for elevane i gruppa.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer ein fagperson som har høgskule- eller universitetsutdanning innan relevante fagområde som kanbidra i planlegging og gjennomføring av opplæring og dagleglivstrening. Tilleggskompetanse
eller erfaring innan praktiske eller estetiske fag kan vere ein føremon.
Personlege eigenskapar
Kunnskap/erfaring frå arbeid med menneske med nedsett funksjonsevne og evne til å bidra til ny læringuansett utgangspunkt. Ha eit fokus på inkluderande aktivitet og legge til rette foratelevar med ulike
føresetnadar kan oppleve fellesskap.
Du må ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og vere fleksibel, løysingsorientert og lojal i ein
travel kvardag. Som ein fagperson med koordineringsansvar må du både vere med å planlegge og følge
opp andre sine arbeidsoppgåver, så vel som å følge opp dine eigne oppgåver.
Vi tilbyr
Løn etter avtale og gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort
sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå
offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Merk at alle stillingar ved sku len vert utlyst med atterhald om at utlyst tilbod vert igangsett. Dette vert
avklart før tilsetting. Søknadsfrist 17.09.25.
For meir informasjon om stillinga kontakt avdelingsleiar Ingunn Selås 41 53 06 79
Kontaktinformasjon
Knut Christian Clausen, rektor , 41530684Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5008389408
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 17.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Knut Christian Clausen
rektor
41530684
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f38e0f9f-0e51-4775-af19-6598307e0f0f
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ecc58a86d01b4140adf4b17c7c0bb3ae