Innkjøpar
EIU- Eigedom, Vestland fylkeskommune
Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Innkjøpar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 6. oktober
Avdelinga Eigedom og utbygging (EIU) er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga er ansvarleg for forvaltning, drift, reinhald, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. I tillegg har avdelinga ansvar for utbygging av Bybanen sin infrastruktur. Avdelinga er delt inn i 5 seksjonar; Stab og forvaltning, System og utvikling, Utbygging, Drift og Bybanen Utbygging. Stillinga som Innkjøper har arbeidsstad Bergen og ligg under stillinga Stab og Forvaltning, men slik at dei fleste oppgåvene vil vere knytt til Bybanen Utbygging.
Bybanen Utbygging har ansvaret for å realisere nye byggetrinn i utviklinga av Bybanen i Bergen. No søker vi deg som vil leie og og gjennomføre arbeidet med innkjøp i Bybanen Utbygging.
Som ein del av vårt team får du vera med på hele reisa frå reguleringsfase til overlevering til Bybanen AS. For tida består prosjektteamet vårt av om lag 18 dedikerte medarbeidarar som jobbar med førebuingane til byggetrinn 5 – utbygginga til Åsane. I tillegg vil det vere oppgåver knytt til den eigedomsmassen avdelinga elles forvaltar.
Arbeidsoppgåver
Di rolle hos oss:
- Planlegging og leie arbeidet med offentlege anskaffingar og anbodsprosessar i tråd med anskaffingsplan og anskaffingsmandat.
- Kartleggje og følgje opp det totale innkjøpsbehov for prosjektet.
- Utarbeide konkurransegrunnlag og kontraktar med fokus på kvalitet, pris og berekraft.
- Vere forhandlingsleiar i tråd med oppgåvefordeling angitt i anskaffingsprosess.
- Bidra til å forbetre prosedyrar og rutinar, inkludert bruk av konkurransegjennomføringsverktøy (KGV).
- Prosess og systemansvarleg for Bybanen Utbygging sine innkjøpssystem.
- Sikre at vi følgjer regelverk, interne rutinar og etiske retningslinjer.
Kvalifikasjonar
Kven er du? Vi ser etter deg som har:
- Utdanning på masternivå frå universitet eller høgskule innan tekniske fag, økonomi, rettsvitenskap, samfunnsvitenskap eller liknande.
- Ved særskilte relevant erfaring kan søkjarar med utdanning på bachelornivå eller anna utdanning bli vurdert.
- Erfaring med offentlege anskaffingar.
Personlege eigenskapar
Og du er:
- Etterretteleg, strukturert og sjølvstendig.
- Har gode samarbeidsevner, er engasjert og liker å jobbe tverrfagleg.
- Er løysingsorientert, proaktiv og open for nye utfordringar.
- Har god digital kompetanse.
- Kommuniserer klart og presist – både på norsk og engelsk, skriftleg og munnleg.
Vi tilbyr
Kvifor velje oss? Hos Bybanen Utbygging får du:
- Ei nøkkelrolle i eit stort og viktig samfunnsprosjekt.
- Eit sterkt fagmiljø og godt arbeidsmiljø.
- Muligheter for faglig utvikling og kompetansebygging.
- Fleksitid og gode ordningar for å avspasere.
- Løns- og arbeidsvilkår etter kvalifikasjonar og i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Kontaktinformasjon
Arve Tjønn Rinde, prosjektdirektør, +47 93031874Arbeidsstad
Lars Hilles gate 225008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5017780819
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Arve Tjønn Rinde
prosjektdirektør
+47 93031874
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f3287c58-b240-4306-b101-16fa01e38032
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f3a4d86380aa474fafb106f98cc5b91b