Hopp til innhold

Skipsførar i 3:3 turnus

Arbeidsgiver

Fjord1 - Maritim Drift

Sted

Fv57 520, 5960 Dalsøyra, Fv57, 5953 Fonnes

Om jobben

Stillingstittel
Skipsførar i sambandet Leirvåg-Sløvåg, p.t. MF Storfjord
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest fredag 16. oktober

Vi søkjer no ein skipsførar til vår elektriske ferje MF Storfjord, som trafikkerer sambandet Leirvåg - Sløvåg.

På dette sambandet jobbar ein døgnskift – du er om bord eitt døgn og har fri eitt døgn i ein periode på tre veker. Deretter har du tre veker samanhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Leirvåg eller Sløvåg då rederiet ikkje har bufasiliteter det døgnet ein har fri. Fjord1 dekker reisekostnader for strekningar over 30 km mellom busted og arbeidsstad. Dette gjelder ved oppstart og avslutning av arbeidsperioden, altså første og siste arbeidsdag.

Som skipsførar vil du ha ei sentral rolle i å sikre trygg og effektiv drift av sambandet. Stillinga inneber stort ansvar og gode moglegheiter til å påverke drifta i det daglege. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving, og du vil ha tett dialog med kollegaer både om bord og på land.

I Fjord1 får du ein trygg arbeidsplass i eit selskap som tenkjer framover, eit samansveisa og støttande kollegamiljø, og ein fleksibel turnus som gir deg god balanse mellom arbeid og fritid.

Kun 1 time å kjøre fra Bergen til Leirvåg!

Ønskjeleg med snarleg oppstart. Vi vurderer kandidatar fortløpande.


Arbeidsoppgåver

  • Som skipsførar vil du ha det overordna ansvaret for trygg og effektiv drift av fartøyet. Dette omfattar sikkerheitsstyring, energileiing, den tekniske og operative tryggleiken om bord. I tillegg til ansvar for både personleg og miljømessig tryggleik. Du skal sikre at alle operasjonar blir gjennomførte i tråd med gjeldande regelverk, prosedyrar og krav frå styresmakter. Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.

    Som leiar om bord er du ansvarleg oppfølging av rutinar og kvalitetssystem. I tillegg skal du utføre dei oppgåvene som går fram av stillingsinstruksen og sørgje for at alle avgjerder blir tekne med tryggleik og driftseffektivitet i fokus.
  • Kvalifikasjonar

    • Minimum D3-sertifikat 
    • GMDSS/ROC-sertifikat
    • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
    • Ferdighetssertifikat medisinsk behandling
    • Krise- og passasjerhandtering
    • Gyldig helseerklæring
    • Skandinaviske språk muntlig og skriftlig
                                                                                                                                                                                                                                                                                                        Fjord1 dekker manglande krise- og passasjerhandteringskurs for aktuelle kandidatar.

    Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter ein erfaren og dyktig skipsførar med sterk forståelse for sikker navigasjon, operativ leiing og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevande situasjoner med ro og besluttsomheit, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Erfaring frå ferjedrift eller tilsvarande vil vera ein fordel.
  • Vi tilbyr

    • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
    • Skiftordning: Døgnskift, 3 veker på og 3 veker av, byttedag mandag.
    • Dekket reisekostnader for strekningar over 30 km mellom busted og arbeidsstad.
    • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
    • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
    • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår!

    Kontaktinformasjon

    Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no

    Arbeidssted

    Fv57
    5953 Fonnes

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift

    Referansenr.: 5188978979
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 16.10.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Benedicte Ellingsen

    Rekrutteringsmedarbeider

    47887896

    benedicte.ellingsen@fjord1.no

    Om bedriften

    Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg! 

    Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.

    Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.

    Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.

    Sektor

    Privat

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    f2ef5b95-7386-4ba8-b28b-4bbfa0bb0b2c

    Sist endret

    5. oktober 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    1bd4651112c545e9b4afb967de79f2ff

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser