Lærar - Nordbygda skule
Masfjorden kommune
Hosteland, 5986 Hosteland
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærar - Nordbygda skule (Fast stilling januar 2026)
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 25. januar
Om stillinga
Masfjorden kommune søker etter lærar i 100% fast stilling frå 02.03.2026, med arbeidsstad ved Nordbygda skule.Arbeidsoppgåver
- Undervisning i klasse og mindre grupper
- Undervisning på ulike trinn og i fag etter behov ved skulen – for tida på mellomtrinnet
- Samarbeid med kollegaer og i team med vekt på å styrkje læringa til elevane og å utnytte og vidareutvikle kompetansen i personalet
- Samarbeid med føresette og eksterne instansar
- Aktiv deltaking i utviklingsarbeid ved skulen
- Ansvar som kontaktlærar kan verte aktuelt
Vi søker
- Vi søker etter lærarar med godkjent fagleg og pedagogisk utdanning etter opplæringslova. Søkarar med anna relevant utdanning kan òg bli vurderte
- Ønskjeleg med kompetanse for undervisning i 5. - 10. trinn
- Ønskjeleg med kompetanse i engelsk.
- Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Du er ein tydeleg og trygg vaksen
- Du har interesse for, og engasjement i, å arbeide med barn og unge
- Du kan inspirere, motivere og engasjere elevane
- Du har kompetanse i bruk av IKT
Anna
- Tenestespråket i Masfjorden kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing i skulen vert det stilt krav om politiattest
- Frå 2026 vil du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt når du har budd 1 år i Masfjorden kommune. 25 000 kroner blir sletta for dei som oppfyller vilkåra kvart år til ein har betalt ned heile gjelda. Les meir om den nye ordninga her
Slik søkjer du:
Søk elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida.
Masfjorden kommune
Masfjorden kommune ligg midt i Vestland fylke og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i nord og Modalen og Alver i sør.
Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, med øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar.
Video: https://youtu.be/_nnKbz57cgo?si=4f61y1db2mdKdopDKontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nordbygda skule er ein fulldelt 1-10 skule med i overkant av 100 elevar. Skulen sitt motto er «Kunnskap og Vennskap». Skulen er Unesco-skule og er akkreditert Erasmus+ skule i perioden 2023-27. Satsingsområda for skulen er internasjonalisering og bruk av nærmiljøet i undervisninga. Skulen har eit tett samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og er praksisskule for lærarstudentar.
Masfjorden kommune ligg i hjartet av Nordhordland Biosfæreområde og er eit eldorado for friluftsinteresserte, med øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Lokalmiljøet rundt Nordbygda skule er prega av eit aktivt organisasjonsmiljø med kulturskule, idrettsskule, fotballag, all-idrett, sjakk-klubb og skulemusikk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f2ed7975-6789-4f81-baba-a1e80ab9035c
- Sist endret
9. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10276515
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Bøvågen
Ringevikarar - Leiknes skule 25/26
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Hjelmås
Ringevikarar - Hordabø skule 25/26
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Bøvågen