Rådgjevare - forureining
Tilsyn spreidd avløp, Bygland Kommune
Sentrum 18, 4745 Bygland
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgjevare - forureining
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 11. januar
Indre Agder Kommunale Tilsynskontor for avløp (IAKT) søkjer to rådgjevarar i faste 100 % stillingar.
Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes, og Åmli går saman om eit felles tilsynskontor for avløp. Arbeidet blir utført på tvers av alle kommunane, med Bygland som vertskommune. Kontoret er nytt, og du blir med heilt frå starten. Det betyr at du sjølv får vere med på å forme arbeidsmåtar, rutinar og prioriteringar, og byggje eit fagmiljø saman med kollegaene dine.
Kontoret skal sørgje for at avløpsanlegga i dei fem kommunane oppfyller krava i forureiningsregelverket, til beste for vassmiljøet og innbyggjarane i Indre Agder.
Arbeidsoppgaver
- Tilsyn og sakshandsaming etter forureiningsforskrifta kapittel 12, 13, 15 og 15A
- Dokumenttilsyn og stadleg tilsyn med avløpsanlegg
- Oppfølging av avvik, pålegg og andre reaksjonar
- Rettleiing til anleggseigarar, kommunane og andre aktørar
- Vere med på å etablere rutinane, systema og strategien til kontoret
- Andre relevante oppgaver som ligg til avdelinga
Kvalifikasjoner
- Utdanning innan miljø, VA, bygg, ingeniørfag, juss, naturforvaltning eller anna relevant fagområde, helst på bachelornivå eller høgare
- Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
- Erfaring med tilsyn, sakshandsaming eller avløp er ein fordel
- Kjennskap til forureiningsregelverket og forvaltningslova er ein fordel
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- Førarkort klasse B er eit krav
Personlige egenskaper
Vi ser etter deg som:
- Trivst med å ta initiativ og vere med på å byggje noko nytt
- Er strukturert og sjølvstendig, men likar og å samarbeide
- Kommuniserer tydeleg og respektfullt, også i krevjande situasjonar
- Trivst med ein kombinasjon av feltarbeid og kontorarbeid
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Høve til å forme eit nytt kontor og eit nytt fagmiljø heilt frå starten
- Varierte og samfunnsnyttige oppgåver med stor betydning for vassmiljøet
- Arbeid i flotte omgjevnader sentralt i Agder
- Fagleg utvikling og ein organisasjon der det er kort veg frå botn til topp
- Løn etter avtale og gode pensjonsordningar i KLP
Kontaktinformasjon
Lasse Heering Bruun, Daglig leder, +474767 2437 , lasse.heering.bruun@bygland.kommune.noArbeidssted
Sentrum 184745 Bygland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bygland KommuneReferansenr.: 5212787120
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.01.2027
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f2935bc7-9eb3-44b1-8a91-e4c5c07efe2e
- Sist endret
27. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8de77f724b5f47d8a78ea408edaf0cb2