6 månaders pilotprosjekt
Øygarden kommune Kultur og innbyggardialog
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vertskap på innbyggartorg (ettermiddag/kveld)
Type ansettelse
Prosjekt, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 29. september
Øygarden kommune skal prøve ut nye måtar å drive innbyggartorg og bibliotek på gjennom prosjektet Pilot nærtenestesenter, støtta av Kommunal- og distriktsdepartementet. I ein 26-vekers periode skal vi utvide opningstida på Straume til kl. 21.00 frå måndag til torsdag. Vi søkjer etter deg som kan vere vertskap på ettermiddag og kveld.
Kva går jobben ut på?
Din jobb vil bli å halde ope på kveldstid. Frå 1. oktober er du ein av to som er vertskap i lokalet kl. 16.00 til 21.00 frå måndag til torsdag. Somme kjem for å låne bøker, andre treng hjelp til å forstå eit skjema, medan somme berre treng ein stad å setje seg. Du skal ikkje løyse alle problem, men du skal kunne vise folk vidare til digitale løysingar, eller til fagpersonar som kan følgje dei opp neste dag.
Du skal:
- vere vertskap, sikre at lokalet fungerer, og halde det ryddig og innbydande.
- gje enkel rettleiing i kommunale og statlege tenester.
- hjelpe bibliotekbrukarar med utlån og praktiske spørsmål
- bruke digitale verktøy og KI-assistentar som støtte.
- ta imot videosamtalar frå innbyggarar som besøker vårt innbyggartorg og bibliotek på Rong eller Skogsskiftet.
Kven ser vi etter?
Dette er ein jobb for deg som likar å stå i førstelinje og ikkje vert stressa når fleire folk har mange ulike behov på ein gong. Det er ideelt om du kan arbeide alle dagane vi skal halde ope, men du kan også søke sjølv om du berre kan jobbe nokre av dagane.
Du må:- vere serviceinnstilt og trygg i møte med folk.
- kunne bruke relevante digitale verktøy og hjelpemiddel.
- kunne handtere fleire ulike arbeidsoppgåver på same tid.
- vere sjølvstendig og initiativrik.
- vere over 20 år gammal.
- ha noko relevant erfaring, til dømes frå arbeid i eit serviceyrke.
- har interesse for litteratur.
- er under utdanning innan samfunnsfag, offentleg forvaltning, bibliotek eller andre relevante fagområde.
Kvifor søkje?
- Du får ei nøkkelrolle i eit nasjonalt pilotprosjekt.
- Du får ansvar for oppgåver der innbyggartorg og bibliotektenester møter ny teknologi.
- Du får ei arbeidstid (16–21) som passar godt ved sida av studium eller annan jobb.
- Du får opplæring og støtte, og blir del av eit miljø som prøver noko heilt nytt.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer.
- Interessante utfordringar.
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Anna
Vi lysar stillingar mellom 20 - 50%
Kontakt
Kenneth Sangolt
Mob: 414 76 319
Epost: Kenneth.sangolt@oygarden.kommune.no
Marian Guddal Hansen
Epost: Marian.hansen@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f287ab74-d07e-41a3-a770-de110eb3ff69
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3541029_210189_nn