Reinhaldar/pleiemedarbeidar Fjordsyn
Volda kommune, Heimeteneste
Sevrinhaugen 4, 6102 Volda
Om jobben
- Stillingstittel
- Reinhaldar/pleiemedarbeidar. Fjordsyn
- Type ansettelse
- Fast, deltid 55%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. juni
Ledig fast stilling – 55% reinhaldar/pleiemedarbeidar ved Fjordsyn omsorgsbustadar
Frå 01.08.2026 har vi ei spennande moglegheit for deg som ønskjer å jobbe tett på menneske og bidra til ein trygg og meiningsfylt kvardag for eldre. Vi har ledig ei fast stilling på 55% som reinhaldar/pleiemedarbeidar.
Fjordsyn omsorgsbustad er ein døgnbemanna omsorgsbustad med 29 trygge og tilrettelagde leiligheiter. Bustaden er ein del av avdeling heimeteneste. Her er personalet stasjonert i huset for å sikre tryggleik, stabilitet og kontinuitet for bebuarane – og for å skape eit miljø der både brukarar og tilsette kan trivast. Du blir ein del av eit fagleg engasjert team som samarbeider tett, støttar kvarandre og har fokus på kvalitet i alle ledd.
👉 Klar for ein jobb som gir både fagleg utvikling og ekte arbeidsglede?
👉 Søk no – 😄 Vi vil ha deg med på laget!
Arbeidsoppgåver
I stillinga inngår det 40% praktisk bistand og 15% som pleiemedarbeidar. Stillinga har for tida dagtid i vekene og dag/kveld kvar andre helg.
Du vil ha ansvar for reinhald av fellesareal og bebuarane sine leiligheiter ved omsorgsbustaden. Som reinhaldar skal du sikre at lokala er reine, trivelege og presentable, og bidra til gode hygieniske forhold for både bebuarar og tilsette. Arbeidet omfattar mellom anna støvsuging, mopping og anna nødvendig reingjering for å sikre gode bu- og arbeidsforhold.
Som tilsett vil du møte brukarar med ulike behov. Du observerer og dokumenterer brukaren sin tilstand, og samarbeider med helsepersonell om å iverksette og følgje opp nødvendige tiltak. Pleie- og praktiske oppgåver vert utført etter tiltaksplan for kvar bebuar, og kan omfatte personleg pleie, forflytning, måltidssituasjonar og andre daglege gjeremål.
Personalet skal bidra med helsehjelp, aktivisering og å gi bebuarane ein god og meiningsfylt kvardag. Kvar tilsett har ansvar for å medverke til eit godt samarbeid og arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar
- Erfaring fra tilsvarende arbeid vert vektlagt
- Beherske norsk flytande godt både munnleg og skriftleg.
- Ha ha alminnelege datakunnskaper
- Ha ha gode evner i kommunikasjon og samarbeid
- Må kunne fremlegge tilfredsstillande politiattest ikkje eldre enn 3 månadar
- Vi legg vekt på gode grunnleggande fagkunnskaper inkludert god observasjonsevne
Personlege eigenskapar
- Vi vektlegg gode personlege egenskaper og evna til å samarbeide på tvers av faggrupper til bebuarane sitt beste. Vi ynskjer medarbeidarar som:
- Ser nye moglegheiter og bidreg til at arbeidsplassen utviklar seg
- Liker utfordringar og trivast med å arbeide sjølvstendig
- Likar å arbeide med eldre
- Har evnen til å bevare roa og finne dei gode løysingane
- Tek initiativ og ansvar
- Er fleksibel og har lett for å omstille seg
- Har godt humør og bidreg positivt med gode haldningar inn i personalgruppa
- Har gode evner til samarbeid og kommunikasjon med kolleger, pasienter og pårørende
- Personlege eigenskapar vert avgjerande ved tilsetjing
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande tariff
- Sjølvstendig og variert arbeid
- God opplæring , rettleiing og støtte slik at medarbeidarane er trygge og kompetente til å yte tenester av høg kvalitet
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
- Tilgang på elæringskurs frå Visma Glup
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Lill Kristin Vassbotn, Seksjonsleiar, 41 40 00 27Elsebeth Melle, Avdelingsleiar, +47 91130521
Arbeidsstad
Sevrinhaugen 46102 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 5139929238
Stillingsprosent: 55%
Fast
Søknadsfrist: 21.06.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Elsebeth Melle
Avdelingsleiar
+47 91130521
Lill Kristin Vassbotn
Seksjonsleiar
41 40 00 27
Om bedriften
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f270ed9f-67df-46c1-b0d1-8266df8b8def
- Sist endret
5. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
09b8aff03f404545b11d40013d8b4c88