Overlege, gastromedisin eller gastrokirurgi
Kirurgisk klinikk, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Overlege i gastrokirurgi eller medisin
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 25. januar
Haukeland universitetssjukehus har etablert ein akuttkirurgisk seksjon i Mottaksklinikken. Seksjonen er eit samarbeid mellom Mottaksklinikken og Kirurgisk klinikk, Avdeling for gastrokirurgi. Den som blir tilsett vil ha arbeidsområde både i akuttmottak og ved sengepostane i Mottaksklinikken og ha ansvar for oppfølgning av gastrokirurgiske pasientar i Mottaksklinikken. Det kirurgiske omfanget i seksjonen vil vere akutte gastrokirurgiske tilstandar.
Gastrokirurgisk avdeling søker spesialist i gastrokirurgi eller gastromedisin, til stilling som overlege i Gastrokirurgisk avdeling, med arbeidsoppgåver delt mellom seksjon for øvre gastrokirurgi og kirurgisk seksjon i Mottaksklinikken.
Avdeling for gastrokirurgi har eit høgt tal ØH-pasientar og stor aktivitet knytt til dette. Ein stor del av desse
pasientane vil no bli utreda og behandla ved den kirurgiske seksjonen i
Mottaksklinikken. Det er også etablert ei akutt operasjonslinje i samarbeid med
Kirurgisk serviceklinikk.
Vi søker deg som arbeider sjølvstendig, er god til å samarbeide med andre, og vil vere med på å utvikle
eit nytt konsept for dei kirurgiske akuttpasientane. Arbeids-oppgåvene vil i
hovudsak vere knytt til utgreiing og behandling av pasientar i Mottaksklinikken
i samarbeid med Gastrokirurgisk avdeling. Den som blir tilsett vil rullere
mellom Mottaksklinikken og seksjon for øvre gastrokirurgi med stillingsbrøk ca 50/50. I vekene med arbeid ved Gastrokirurgisk avdeling, vil hovudoppgåva vere å delta i, og videreutvikle vår verksemd innan skopiske prosedyrer som FTR, ESD, EUS, skopisk intervensjon som ERCP og stenting i både øvre og nedre gastro.
Mottaksklinikken og Kirurgisk klinikk inngår i Mottaksmodellen, som er
Haukeland universitetssjukehus sin måte å organisere mottak og fordeling av
akuttpasientar på inn i sjukehuset. Mottaksmodellen har pasienten i sentrum og involverer
alle klinikkar rundt pasientflyten. Målet med modellen er å sikre rask og
presis diagnostikk som utan forseinkingar gjev pasienten rett behandling på rett
stad og til rett tid.
Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram godkjend politiattest (vandel) jf. Lov om helsepersonell § 20a. Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk, både skriftleg og munnleg.
Søknadar stila til avdelinga utanom WebCruiter vil ikkje bli behandla.
Arbeidsoppgåver
- Tilby gastroenterologisk kompetanse og nærvær i Mottaksklinikken
- Utgreie, diagnostisere og behandle pasientar
- Disponere og handtere ØH-stuer i samråd med kirurgiske bakvakter
- Visittgang på inneliggande pasientar
- Rettleie legar i Mottaksklinikken
- Tilsyn av utlokaliserte gastropasientar
- Elektive og akutte skopiske prosedyrar både ved HPB, ØVD og kolorektal-seksjonar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Relevant sjukehuserfaring
- Spesialist i gastroenterologisk kirurgi eller gastroenterologi
- Endoskopiske ferdigheiter blir tillagt stor vekt
- Evne til tverrfagleg samarbeid blir tillagt stor vekt
Personlege eigenskapar
- Kan prioritere når situasjonen krev det
- Evne til å arbeide sjølvstendig, nøyaktig og målretta med arbeidsoppgåver
- Er ansvarsbevisst og pasientorientert
- Har respekt for den enkelte pasient og kollega
- Har god evne til kommunikasjon og samarbeid
- Bidrar til eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø internt og på tvers av avdelingar
- Tenker heilskapleg
- Tar ansvar i lagarbeid
- At ein er personleg eigna til stillinga vil bli tillagt stor vekt
- Forskarerfaring og interesse for forsking og utvikling er ein fordel
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Sjukehuset har 4 barnehagar og moglegheiter for sjukehusbustad
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Thomas Geisner, Avdelingssjef, 94891659Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4959346388
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Thomas Geisner
Avdelingssjef
94891659
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f227bf94-ce98-40c6-b3a1-132002cc2b76
- Sist endret
6. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
06f23e1e8c7e4c8aad3bff63f93ed45f
Lignende annonser
Overlege i gastrokirurgi, gastromedisin eller indremedisin
Arbeidsgiver
Kirurgisk klinikk, Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Overlege innan gastrokirurgi / Forskar
Arbeidsgiver
Kirurgisk klinikk, Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Kirurgisk klinikk/ Avdeling for bryst- og endokrinkirurgi, Helse Bergen HF
Sted
Bergen