Hopp til innhold

Skulestadtunet/vegen omsorgbustad

Arbeidsgiver

Voss herad Skulestadtunet/vegen fellesbustad

Sted

Voss

Om jobben

Stillingstittel
Fagarbeidar - 80% fast stilling
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 21. juni

Ynskjer du ein gjevande og meiningsfull jobb med fokus på god livskvalitet i eit spanande fagmiljø med dyktige kollegaer? Då må du søkje her! Skulestadtunet- og Skulestadvegen omsorgsbustad har ledig 80% fast stilling som fagarbeidar frå 17.08.2026

Om arbeidsstaden
Stillinga er i avdeling for menneske med nedsett funksjonsevne, for tida i Skulestadtunet- og Skulestadvegen. 14 omsorgsbustader med tilgang til fellesareal med fokus på ein god og trygg plass å bu. Bebuarane er aktive og fleire av dei deltek på ulike aktivitetar som til dømes fotball, musikk og symjing. Me har òg eit ambulerande team, der me gjev tenester til personar som bur i eigne bustader i nærområdet. 

Stillinga er i turnus med arbeid kvar 4.helg, dag- og seinvakter, langvakter og kvilande nattevakt. 
Me har eit fokus på kvardagsmeistring, med fokus sjølvstende og sjølvråde. Bebuarane skal få bistand til å ta eigne val ved hjelp av rettleiing og avgjerdsstøtte. Dette krev at personalet kan sjå den enkelte, og legge til rette for individuelle behov.

Me tilbyr
  • 80% fast stilling som fagarbeider
  • Årsturnus
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
  • Tilrettelagt turnus med blant anna moglegheit for langvakter laurdag/søndag
Kvalifikasjonar
  • Fagarbeidar med relevant utdanning. (Helsefagarbeider, barne og ungdomsarbeider, osv)Assistent med relevant erfaring kan bli vurdert til stillinga
  • Gode kunnskapar i norsk, både munneleg og skriftleg 
  • Gode datakunnskapar 
  • Førarkort klasse B

 Me ynskjer deg som :

  • har kunnskap om og interesse for å arbeide innan fagfeltet menneske med nedsett funksjonsevne
  • er fagleg dyktig og opptatt av kvalitet i arbeidet du utfører
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • har evne til omstilling og fleksibilitet, og ynskjer å ta ansvar
  • kan vera trygg i å arbeide sjølvstendig og i team
  • ynskjer utvikling og fagleg oppdatering

 Arbeidsoppgåver

  • Vere pådrivar for planlegging, iverksetting og evaluering av tiltak
  • Legge til rette for å delta i kvardagslege gjeremål og aktivitetar
  • Medikamenthandtering
  • Målretta miljøarbeid
  • Primærkontaktansvar  
  • Skapa tryggleik og struktur 
  • Delta saman med bebuarane på turar og fritidsaktivitetar
  • Praktiske gjeremål og andre delegerte oppgåver frå leiar
  • Bidra til godt samarbeid med bebuar og pårørande
  • Tilsett skal vera ein støtte og rollemodell for bebuarane på alle områder. Me legg vekt på brukardeltaking og har fokus på aktivitet og hjelp til sjølvhjelp

Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslovene § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden. 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Siri Finne

48014563

siri.a.finne@voss.herad.no

Om bedriften

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f21d1107-8eb5-4e29-bd10-93289d9bb939

Sist endret

3. juni 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3632309_213071_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser