Ledige stillingar som driftsoperatørar i Etne kommune
Etne kommune Drift og vedlikehald
Enge 2, 5590 Etne
Om jobben
- Stillingstittel
- Driftsoperatør vatn og avlaup - 2 stk stillingar, 100% fast
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 5. desember
Etne kommune har ledig 2 stk 100% stillingar som driftsoperatør ved Drift og vedlikehald. Eininga har ansvar for dagleg drift av vatn og avlaup, samt dei tekniske tilhøyrande installasjonar.
Arbeidsoppgåver:
Oppgåver for stillinga er i utgangspunktet knytt til dagleg drift av vass og avlaupsnett, og gjennomføring av prosjekt innan VA området.
Ein må vera villig til å delta i teamarbeid på andre fagfelt i eininga drift og vedlikehald ved behov. I tillegg vil søkjar ha kontakt/samarbeid med entreprenørar, brukarar og yte service for våre innbyggarar.
Den som blir tilsett må kunne vera villig til å delta i vaktordninga.
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev innan røyrleggar er ynskjeleg, men erfaring og attestar kan vege opp for manglande utdanning.
- Grunnleggjande PC kunnskapar er eit krav.
- Ynskjeleg med interesse innan IKT for bruk av styringsystem og målingsapparat
- Krav på førarkort kl. B. BE (bil inkludert tilhengar ) er eit ynksje.
- Norsk kunnskaper både skriftleg og munnleg, er eit krav.
- Bra fysisk form
Eigenskapar:
- Vi søkjer ein person som ser utfordringar og som møter dei med ei positiv innstilling
- Kan arbeide sjølvstendig og kan ta initiativ til å planlegge prosjekt, arbeidsdagar og oppgåver
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
Me tilbyr:
- ein interessant jobb med varierte arbeidsoppgåver
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- lønn etter tariff og godkjent ansiennitet
Annan informasjon
Vi ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f1cdc77a-4cdd-4940-b117-9e3a657f64be
- Sist endret
25. november 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3567855_213805_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Etne kommune
Sted
Etne
Arbeidsgiver
Mesta Aksdal
Sted
Aksdal
Arbeidsgiver
Tysvær kommune Reinhald
Sted
Aksdal