Arbeide for gode 4H-arrangement?
4h Norge Avd Rogaland
Sandvikveien 21, 4016 Stavanger, Rogaland
Om jobben
Stillingstittel
Organisasjonsrådgiver
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager
Antall stillinger
1
4H Norge avdeling Rogaland har ledig fast stilling 50%:
Syns du barn og unge, frivilligheit og organisasjonsarbeid er inspirerande, og taklar alt frå søknadsskriving til beredskapsarbeid? Har du kunnskap om kva behov og verkelegheit unge menneske har i dag? Har du lyst på ein meiningsfull jobb i ein spennande organisasjon? Då vil vi gjerne høyre frå deg! Viktige arbeidsoppgåver i stillinga:· Rettleiing og oppfølging av frivillige arrangørkomitear
· Klubb- og medlemspleie
· Informasjonsarbeid
· Rekruttering og oppstart av nye 4H-klubbar
Vi søkjer etter deg som:· Har fokus på kvalitet og gode prosessar
· Har gode formidlingsevner og evne til å rettleie, motivere og inspirere
· Kommuniserer godt med barn og unge, både skriftleg og munnleg
· Har gode samarbeidsevner
· Kan arbeide sjølvstendig og strukturert
· Trivst i samarbeid med barn, ungdom og vaksne
· Har grunnleggande kompetanse innan IKT
· Har kunnskap om prosjektorganisering
· Har kompetanse og erfaring med planlegging, gjennomføring og evaluering av større arrangement for barn og unge
· Har sjølv vore aktiv i ein frivillig organisasjon
· Er kreativ og løysingsorientert
Du blir ein del av:· Eit arbeidsfellesskap med moglegheit for påverknad, utvikling og ny læring
Løn etter avtale.
Politiattest må leggjast fram før tilsetjing.
Arbeidsstaden for stillinga er hos 4H Rogaland i Stavanger, Hillevåg. For stillinga inngår gode pensjons- og forsikringsordningar. Fleksibel arbeidstid. Ein må rekne med noko reiseverksemd, samt kvelds- og helgearbeid. Ein må ha førarkort klasse B. Arbeidsgjevar er 4H Norge med regionkoordinator for Vestlandet som næraste overordna.
Oppstart: så snart som mogleg.
Kontaktperson for stillinga:Synnøve Jørgensen, regionkoordinator for 4H på Vestlandet: Tlf. 960 96 773
Søknad og CV sender ein på e-post til synnove.jorgensen@4h.no innan 15. august 2022.
4H er ein landsomfattande barne- og ungdomsorganisasjon. I 4H møtast over 11.000 barn og unge i 500 4H-klubbar (36 i Rogaland!). 4H sitt føremål er å skape ein aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarskjensle og respekt for natur og menneske. Mottoet vårt er å lære ved å gjere.Om bedriften
4H Norge er en landsomfattende, ideell barne- og ungdomsorganisasjon som er livssynsnøytral og partipolitisk uavhengig.
Formål: 4H skal utvikle en aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarsfølelse og respekt for natur og mennesker.
Motto: Å lære ved å gjøre.
I Rogaland har vi 36 lokale klubber og 1400 medlemmer. På kontoret i Stavanger jobber tre ansatte i 4H Rogaland, samt regionkoordinator for 4H i vest.
Sektor
Ikke oppgitt
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2061557
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
f1cd0c11-5c11-4ee7-a93b-170ceed009f5