Assisterande seksjonsleiar
Kirurgisk klinikk/ Plastikkirurgisk poliklinikk/ hand og plastikkirurgisk operasjonseining, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Assisterande seksjonsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. oktober
Poliklinikken er ein travel arbeidsplass. Vi tar i mot nye tilviste pasientar og kontrollar. Vi har ein aktiv sårpoliklinikk dreven av sjukepleiarar, i tillegg til ei stor operativ verksemd med dagkirurgiske pasientar. For å oppnå god pasientbehandling og effektiv drift er vi avhengige av eit tett samarbeid mellom alle involverte partar.
Dei tilsette i eininga er autoriserte sjukepleiarar/operasjonssjukepleiarar og ein stab med merkantilt personell. Alle rapporterer til avdelingssjukepleiar. I tillegg til lege er også ergo- og fysioterapeut knytt til poliklinikken. Tverrfagleg samarbeid er viktig og dette fordrar stor grad av toleranse og respekt for kvarandre.
Vi ønskjer primært ein leiar som er utdanna sykepleier, og som har erfaring innen plastikkirurgi. Vi ser etter deg og som er klar og tydeleg i leiarstilen, som er engasjert, har gode haldningar, godt humør og som kan bidra til god arbeidsmoral og eit godt arbeidsmiljø. Den som vert tilsett må ha stor arbeidskapasitet, gjennomføringskraft, vere fleksibel og løysingsorientert.
Arbeidsoppgåver
- Vikar for seksjonsleiar
- Delansvar for den daglege drifta
- Delaktig i fag og utvikling
- Turnusarbeid og vedlikehald av turnus
- Undervisning
- Arbeide aktivt for trygg og sikker pasientbehandling
- Samarbeid om pasientflyt i sjukehuset
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar med minimum fem års erfaring
- Evne til samarbeid med alle yrkesgrupper i avdelinga
- Ha ansvar for undervisning, i samarbeid med seksjonsleiar
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
- Evne og vilje til å setje seg inn i nye oppgåver og system
- Evne til å arbeide målretta og med god gjennomføringskraft
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø, ha gode samarbeidseigenskapar og vere fleksibel
- Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team, og ha evne til å delegere oppgåver til tilsette på ei ryddig måte
- Må ha høg arbeidsmoral og føle medansvar for å sikre og utvikle et godt arbeidsmiljø
- Godt humør, og signalisere positivitet og pågangsmot i ein travel kvardag
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Godt arbeidsmiljø og teamarbeid som naturleg arbeidsform
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Solveig Næss, Avdelingssjukepleiar, 90508139Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5004868208
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Solveig Næss
Avdelingssjukepleiar
90508139
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f114d2d0-2af7-456e-85dc-2cd85918ce5e
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d46afc43e0da441d9bc602dd4023fb07