Hopp til innhold

Brannkonstabel m/ funksjon som L-1.4 - fast 2,42% (deltid) - Knarvik stasjon

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Stølen 7 (Drifts- og brannstasjonen), 5914 Isdalstø

Om jobben

Stillingstittel
Brannkonstabel m/ funksjon som tankbilsjåfør - fast 2,42% - Knarvik stasjon
Type ansettelse
Fast, deltid
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. november

Om stillinga

Me har ledig ei fast stilling som brannkonstabel ved Knarvik stasjon. Stillinga har funksjon som tankbilsjåfør. Funksjonen kan bli endra dersom behova i organisasjonen endrar seg.

Stillinga inngår i ein vaktturnus med vakt kvar femte veke. Vaktperioden strekkjer seg frå kl. 15.30 til 08.00 på kvardagar, og frå fredag kl. 15.30 til måndag kl. 08.00 i helgene. Vaktplikta gjeld også på heilagdagar. Stillinga har ein storleik på 2,42%. 

Ein må pårekne arbeid utover dette, avhengig av oppdragsmengd


Om NHBR

  • Nordhordland brann og redning (NHBR) vart etablert i 2019, ved samanslåing av tre brannvesen. NHBR dekkjer kommunane Alver, Austrheim og Modalen, med Alver kommune som vertskommune. Ansvarsområdet dekkjer 1.149km2, med 34 000 innbyggjarar. 
     
  • Nordhordland brann og redning (NHBR) er organisert med tre einingar: Operativ, feiing og bustadtilsyn og førebyggjande eining. 
     
  • Operativ eining er fordelt på fem brannstasjonar - Knarvik, Lindås, Manger, Mastrevik og Modalen, og to depot på Kaland og Øvre Helland. Alle stasjonar er bemanna av brannkonstablar som jobbar deltid, og Knarvik har i tillegg dagkassernering.

Arbeidsoppgåver

  • Vere ein del av deltidsstyrken i NHBR, med fast vakt kvar 5. veke 
  • Operative oppgåver/utrykkingar 
  • Sjåfør på tankbil og røykdykkar
  • Systematisk øving og trening for å oppretthalde naudsynt ferdigeheitar og kompetanse
  • Bidra til vedlikehald av bilar og operativt utstyr 
  • Bidra til å utvikle og oppretthalde ein god organisasjonskultur og eit godt arbeidsmiljø
  • Andre oppgåver som naturleg fell inn under stillinga

Kvalifikasjonskrav 

  • Godkjendt røykdykkar
  • Fullført og bestått NHBR sitt interne aspirantkurs
  • Bestått fysisk test i samsvar med forskrift (årleg krav) 
  • Godkjent helsekontroll 
  • Politiattest - I tråd med brann- og eksplosjonsvernloven § 18 vert det stilt krav om uttømmande politiattest før tiltreding 
  • Bustad maks 10 minutt frå stasjonen 
  • Fysisk og psykisk skikka til stillinga
  • Førarkortklassar B, C og E-160 kompetansebevis for utrykkings køyring 
  • Mestre norsk munnleg og skriftleg 

     

  • Kandidatar med lengre avstand til stasjonen kan bli vurdert der det er moglegheit for intern rokkering av ressursar. Kandidatar som ikkje har E-160 kompetansebevis kan bli vurdert for stillinga.

Me tilbyr

  • Spennande og utfordrande arbeidsplass med samfunnsviktig funksjon
  • Lønn- og tilsetjngsforhold etter lov- og avtaleverk 
  • Tilsett kan også bli nytta i andre funksjonar (under føresetnad av nødvendig kompetanse/opplæring)

Politiattest 

I tråd med brann- og eksplosjonsvernlova § 18 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede


Våre forventningar til deg

  • Vi ser etter deg som er motivert, pålitelig og har god rolleforståing. 
  • Du opptrèr roleg i stressande situasjonar og har god evne til å prioritere. 
  • Har forståing for risiko ved køyring, samt behovet for vedlikehald av tungbil. 
  • Det er viktig for oss at du både arbeider godt sjølvstendig og er ein god og tillitsvekkjande lagspelar.

Kontaktperson for stillingen

Martin Møller Greve

+4790079974

martin.greve@alver.kommune.no

Om bedriften

Nordhordland brann og redning (NHBR) er eit felles brannvesen for 5 kommunar i Nordhordland. NHBR er organisert med tre avdelingar. Det er avdeling for feiing og bustadtilsyn, operativ avdeling og førebyggande avdeling. Førebyggjande avdeling har ansvar for 7 kommunar og heiter Nordhordland og Gulen Interkommunale brannførebyggjande avdeling (NGIB).Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane Gulen, Austrheim, Modalen, Masfjorden, Fedje, Solund og Alver, der Alver er vertskommune for avdelinga. Avdelinga har 5 tilsette som dekkjer kommunane i samarbeidet. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f10f8e87-a5cb-457f-b918-2b0fa9ed4eae

Sist endret

10. november 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10315603

Lignende annonser

Laster lignende annonser