Familieterapeut 100% vikariat - prosjektet Skreddarsaum
Kvinnherad kommune Barn og familie
Sentrumsvegen 29, 5460 Husnes
Om jobben
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 27. september
Vil du vere med å gi barn, unge og familiar rett hjelp til rett tid?
Kvinnherad kommune søkjer ein engasjert og relasjonssterk familieterapeut i eit 100 % vikariat frå november 2026 til august 2027. Stillinga er knytt til prosjektet Skreddarsaum og organisert i avdeling Familiestøtte i Eining Barn og familie.
Dette er ei spennande stilling for deg som ønskjer å arbeide tett på familiar, vere ein del av eit tverrfagleg fagmiljø og bidra til utvikling av nye og fleksible tenester for barn og unge.
Om einingaEining Barn og familie er ei av 21 einingar i sektor Oppvekst. Eininga består av seks avdelingar: Barnevern, Helsestasjon, PPT, Familiestøtte, Villatoppen avlastningsbustad og Butiltak for barn og unge. Eininga held til på Husnes tenestesenter.
Om prosjektet SkreddarsaumKvinnherad kommune har fått prosjektmidlar til prosjektet Skreddarsaum. Prosjektet har eit heilskapleg fokus på medverknad, positiv utvikling og tverrfagleg samarbeid rundt familiar med samansette utfordringar, der barn og unge har høgt skulefråvær.
Prosjektet er ein del av familieteamet i Familiestøtte og samarbeider tett med:
PPT, Barnevern, Helsestasjon, Barnehagar, Barne- og ungdomsskular, NAV, Rus og psykisk helse, BUP og andre aktuelle samarbeidspartnarar
Som familieterapeut vil du arbeide tett saman med prosjektleiar og prosjektgruppa for å sikre god oppfølging av familiar og utvikle gode rutinar for prosjektet.
ArbeidsoppgåverSom familieterapeut vil du:
- planleggje og koordinere tiltak i samarbeid med prosjektleiar
- følgje opp familiar som deltek i prosjektet
- gjennomføre samtalar, rettleiing og miljøterapeutisk arbeid
- arbeide praktisk og tett saman med familiar i deira heim og nærmiljø
- støtte foreldre i å finne løysingar som fremjar meistring, trivsel og deltaking i kvardagen
- bidra til at barn og unge får auka nærvær i skule og aktivitetar
- samarbeide med aktuelle faginstansar og samarbeidspartnarar
- dokumentere, evaluere og rapportere tiltak
- bidra i utviklinga av prosjektet og tenestene rundt familiar
Ved ledig kapasitet kan andre relevante arbeidsoppgåver bli lagt til stillinga.
KvalifikasjonarMe søkjer deg som har:
- 3-årig relevant høgskuleutdanning innan sosialfaglege fagområde
- relevant erfaring frå arbeid med barn, ungdom og familiar
Det er ønskjeleg med:
- vidareutdanning innan familieterapi, rettleiingsmetodikk, psykisk helsearbeid eller tilsvarande
- erfaring frå terapeutisk endringsarbeid
- erfaring med miljøterapeutisk arbeid i familiar sitt heimemiljø
- erfaring frå tverrfagleg samarbeid
Me legg stor vekt på personleg eignaheit, og at du:
- byggjer lett gode relasjonar
- har evne til å støtte og motivere til endring
- kommuniserer godt med både barn, ungdom og vaksne
- arbeider sjølvstendig, målretta og strukturert
- trivst med samarbeid på tvers av fagområde
- er fleksibel og løysingsorientert
- handterer høgt arbeidspress i periodar
- ser moglegheiter framfor avgrensingar
- har gode digitale ferdigheiter
- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Det er krav om førarkort klasse B.
Me tilbyr- eit spennande og meiningsfullt arbeid med barn, unge og familiar
- moglegheit til å vere med på utvikling av nye arbeidsformer og tenester
- eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og godt samarbeid
- tett samarbeid med ulike faggrupper i kommunen
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjonsordning og forsikringsordningar gjennom KLP
- gode arbeidsvilkår og eit inkluderande arbeidsmiljø
- dekning av flytteutgifter etter gjeldande reglar
- gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage
Det må påreknast noko ettermiddags- og helgearbeid ved behov.
Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding i samsvar med gjeldande lovverk.
Vil du vere med å skape varige endringar for barn, unge og familiar i Kvinnherad?
Me gler oss til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f001f85b-9c4f-41c5-a04a-8516a2a9c9ae
- Sist endret
9. september 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3660429_226019_nn