Vikar til Helsetorget, 100 % vikariat
Sogndal kommune Tildelingskontoret
Fossetunet 2,, 6856 Sogndal
Om jobben
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 28. oktober
Har du helse- og sosialfagleg bakgrunn og lyst til å vera tett på innbyggarane våre? På Helsetorget får du vera med på laget som er det første møtepunktet for innbyggarar med behov for helse- og omsorgstenester i kommunen.
Om stillinga
Me søkjer deg som vil vera med på laget på Helsetorget, i eit 100 % vikariat organisert under Tildelingskontoret. Stillinga er ledig frå snarast og fram til 31.9.27.
- Ta imot innbyggarar og svara på telefonar og e-posthenvendingar frå dei som treng hjelp eller informasjon
- Gjennomføre kartlegging av hjelpebehov
- Informere om søknadsprosess og tenestetilbod i kommunen
- Bistå innbyggarar i søknadsprosessar, registrere søknader og opprette saker i fagsystem
- Dele ansvar for støttekontaktordninga ved fråvær og ferieavvikling, mellom anna ta imot og føre timelister
- Jobbe med velferdsteknologi og digital oppfølging av innbyggarar
- Bidra i sakshandsaming ved behov og delta på sakshandsamingsmøte
- Bachelor i helse- og sosialfag
- Relevant arbeidserfaring frå fagfeltet
- Erfaring med koordinering, planlegging eller oppfølging av arbeidsoppgåver
- God digital kompetanse og erfaring med relevante fagsystem
- Erfaring med kartlegging og sakshandsaming, gjerne innan helse- og omsorgstenester
- Kjennskap til kommunal sakshandsaming og relevant lovverk, til dømes helse- og omsorgstenestelova, pasient- og brukarrettigheitslova og forvaltningslova
- Erfaring frå tildelingskontor, forvaltningseining eller liknande
Kven ser me etter?
Me ser etter en positiv, målretta og strukturert person som trivst med å arbeide sjølvstendig og som handterer både uforutsigbare situsjonar og komplekse problemstillingar. Du er fleksibel og open for nye måtar å jobbe på, og møter endringar med nysgjerrigheit og engasjement.
Du har god relasjonskompetanse, kommuniserer godt med kollegaer, andre tenester, brukarar og pårørande. Du evnar å sjå heilskapen, bidrar til tverrfagleg samarbeid og byggje gode relasjonar. Samstundes er du tolmodig, audmjuk og reflektert, og du tør å tenkje nytt når arbeidskvardagen krev det. Du har også god digital kompetanse og evne til å nytte digitale løysingar på en effektiv og brukarvenleg måte.
Me tilbyr- Ei stilling der du er med og formar innhaldet i ei teneste under utvikling
- Ein arbeidsplass midt i arbeidet med korleis Sogndal kommune møter innbyggarane sine
Me vil behandla søknadane og gjennomføra intervju fortløpande, så me tilrår deg å søkja så snart som mogleg. Me gler oss til å høyra frå deg!
Praktisk informasjon
Stillingstype: 100 % vikariat
Arbeidsstad: Helsetorget, under Tildelingskontoret
Tilsetjingsperiode: snarast og fram til 31.9.27
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Torine Myno
Om bedriften
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
efc0c645-c366-4f02-ab41-b4a087820acf
- Sist endret
14. oktober 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3659409_194683_nn