Hopp til innhold

IT Konsulent - Marlink Kompetansesenter - Stord

Arbeidsgiver

Marlink AS - Maritime Operations

Sted

Meatjønnsvegen 74, 5412 Stord

Om jobben

Stillingstittel
Vil du vera med å ta skya til sjøs?
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Frist: fortløpande vurdering

Me leverer IT tjenester til lands, til havs og i skya med!

Er du ein teknologinerd med sans for humørfylt fellesskap? Likar du å jobba med innovative løysingar som gjer verda til ein betre plass? Då har me bruk for deg! Marlink ser etter ein IT Konsulent til vårt kontor på Stord. Me treng nokon som likar å fiksa det som trengs fiksast.

Om Marlink:

Me er ein global leiar innan kommunikasjon, med eiga spesialisering i satellittkommunikasjon. På Stord jobbar me med IT løysningar på i drift på alle verdas sju hav. Med over 1700 tilsette i meir enn 30 land, dyrker me eit miljø av utvikling, kvalitet og kulturelt mangfald. Me elskar samarbeid, og har alltid ei open dør for nye idear - det betyr at du vil ha gode mogleheiter til å skina.

Om jobben:

Som IT Konsulent hos oss blir du ein del av eit lag som jobbar med internasjonale kundar. Her er noko av det du vil gjere:

  • Løysa oppdrag før kaffipausen: Identifisera og løysa IT-problem på rekordtid.
  • Vera ein hybridhelt: Implementera og vedlikehalda hybridnettverkløysingar.
  • Som del av eit sterkt lag: vera i forkant på sikker drift av IT system som seilaer på dei sju hav
  • Rådgje og koma med kreative forslag i ei stadig utviklande IT verd.
  • Utvikla og bruka eigenskapar som gjer systema på skip "automagiske".

Kven vi ser etter?

Du er kanskje IT-nerd, men du treng ikkje å være ein KI-agent. Vi ser etter ein person som:

  • Er ung eller gamal, nyutdanna eller berre utdanna.
  • Har lidenskap for teknologi, og kanskje føretrekkjer SSH over GUI.
  • Har relevant erfaring innan IT og/eller nettverk.
  • Me blir glade om du kan tenkja deg å driva med scripting, MDM, Intune og sånt.
  • Anvendt teknologi: Microsoft portefølgje, Windows server, TCP/IP, Powershell m.m.

Kvifor Marlink?

Me veit du er ein ettertrakta ressurs på marknaden. Her er litt om kva me kan tilby deg:

  • Ein arbeidsplass som byr på sterkt samhald og variasjon i oppgåver.
  • Konkurransedyktig løn med prestasjonsbaserte bonusar -- kombiner interesse og levebrød.
  • Helseforsikring og privat legetjeneste -- me trur det er verre å argumentere med ein lege enn med ein IT-nerd.
  • Fleksible arbeidsordningar, inkludert hybrid og fleksible timar -- perfekt for seine oppvakningar.
  • Profesjonell utvikling og kursing -- lær nye ting utan å måtte sitje i ein kjedeleg konferansesal.
  • Deltaking i sosiale arrangement og aktivitetar-- her er me på Stord best i klassen.

Phishing? Eller kjenner du at dette snakkar til akkurat deg?

Fantastisk! Dette er sjansen din til å sjå kva Marlink si verd kan tilby deg. Søk i dag for å bli ein del av vår kjekke gjeng på Stord. Kva er det versta som kan skje?

Me har ikkje sett søknadsfrist, søknader vert vurdert fortløpande.

Om bedriften

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ef1da8e8-755e-402c-a079-c343dc6f5ea6

Sist endret

21. oktober 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

479156845

Lignende annonser

Laster lignende annonser