100% stilling som avdelingsleiar ved flyktningetenesten, Verksemd for inkludering
Ullensvang kommune Kultur, næring og samfunn
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. oktober
Verksemd for inkludering, flyktningtenesta, søker avdelingsleiar i 100 % stilling. Stillinga er direkte underlagt verksemdsleiar, og har ansvar for den dagleg drifta av tenesta, inkludert introduksjonsprogram og oppfølging av flyktningar. For tida er det 18 årsverk i flyktningtenesta. Verksemda ligg under sektor Kultur, Næring og Samfunn. Kommunen arbeider for tida med omorganisering i sektoren, noko som kan føre til endringar.
Vi søker etter deg som:
er positiv, strukturert, engasjert og arbeidsom
er dyktig på samarbeid, både internt i verksemda og med eksterne samarbeidspartnarar
er ein tydeleg, varm og inkluderande leiar
evner å samle og motivere personalet slik at arbeidsoppgåvene blir løyst til det beste for brukarane
er god på digitale system
ser løysingar i komplekse saker
bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø
bidreg i vidareutvikling av faglig kvalitet i tenesta, samt implementering av nye prosedyrer, arbeidsmåtar og system.
Kvalifikasjonskrav:
Minimum 3- årig relevant høgskuleutdanning
God digital kompetanse
Erfaring frå arbeid med flyktningar
Kjennskap til Integreringslova
God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Minimum førarkort klasse B (manuell bil)
Leiarerfaring er ynskjeleg
Personlege eigenskaper vil bli vektlagde.
Me kan tilby:
Moglegheit for å utvikle stillinga og verksemda i samarbeid med verksemdsleiar og kommunalsjef
Kjekke arbeidsoppgåver i eit travelt, men givande miljø
Lønn etter gjeldande tariffavtale
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ef0cc96d-0a45-41bb-bfa1-9f3f9e3f3f98
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3548913_189351_nn