Kjøkkenassistent ved Valldal sjukeheim – sentralkjøkkenet i Fjord kommune
Helse, omsorg og velferd Fjord kommune
Olavsgata 10, 6210 Valldal
Om jobben
- Stillingstittel
- Kjøkkenassistent ved Valldal sjukeheim – sentralkjøkkenet i Fjord kommune
- Type ansettelse
- Fast, deltid 17%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Ved sentralkjøkkenet på Valldal sjukeheim har vi ledig stilling som kjøkkenassistent. Sentralkjøkkenet produserer og leverer mat til bebuarar på sjukeheimen, heimebuande brukarar og andre kommunale tenester. Vi søkjer ein positiv og serviceinnstilt medarbeidar som ønskjer å vere ein del av eit viktig fagmiljø.
Som kjøkkenassistent ved sentralkjøkkenet vil du vere med på den daglege drifta av kjøkkenet og bidra til produksjon, servering og distribusjon av trygg og næringsrik mat. Du arbeider tett saman med kokkar og andre tilsette i kjøkkenet for å sikre god kvalitet og hyggelege måltidsopplevingar for brukarane våre.
Stillingsprosenten innebærer arbeid to helger i løpet av seks veker.
Arbeidsoppgåver
- Hjelpe til med matproduksjon og førebuing av måltid
- Porsjonering, pakking og utlevering av mat
- Oppvask og reinhald av kjøkken, utstyr og lokale
- Mottak og handtering av varer
- Delta i arbeidet med å sikre gode rutinar innan hygiene og mattryggleik
- Bidra til orden og struktur i den daglege drifta
- Andre førefallande oppgåver ved kjøkkenet
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå kjøkken, institusjonskjøkken eller næringsmiddelproduksjon er ønskjeleg
- Kunnskap om hygiene og mattryggleik er ein fordel
- God norskkunnskap, både munnleg og skriftleg
- Grunnleggjande digitale ferdigheiter
- Interesse for mat og service
Personar utan formell utdanning, men med relevant erfaring og interesse for arbeidsområdet, vert oppmoda om å søkje.
Personlege eigenskapar
- Du er positiv, omgjengeleg og serviceinnstilt
- Du arbeider strukturert og tek ansvar for eigne oppgåver
- Du trivst med samarbeid og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du er fleksibel og kan handtere varierte arbeidsoppgåver
- Du har god arbeidskapasitet og evne til å arbeide effektivt
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Ei meiningsfull stilling med viktige arbeidsoppgåver
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- God opplæring og rettleiing
- Varierte arbeidsdagar
- Løn etter gjeldande tariffavtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.
Velkomen som søkjar til Fjord kommune!
Kontaktinformasjon
Lene Krohn, Kjøkkensjef, 41867980Cathrine langhaug berli, Einingsleiar, 41867972
Arbeidsstad
Olavsgata 106210 VALLDAL
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse, omsorg og velferd Fjord kommuneReferansenr.: 5173502149
Stillingsprosent: 17%
Fast
Søknadsfrist: 27.09.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Cathrine langhaug berli
Einingsleiar
41867972
Lene Krohn
Kjøkkensjef
41867980
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
eead3fa0-7f0e-4552-8462-4d28014c9f53
- Sist endret
16. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
82568744e7ee43c994a58d0855a5a08a