Barnehagelærar - vikariat
Ringstad barnehage, Stranda kommune
Hevsdalsvegen 44, 6200 Stranda
Om jobben
- Oppstart
- 1. januar 2027
- Stillingstittel
- Barnehagelærar
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 50%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 3. november
Ringstad og Helstad barnehage vart i 2024 slått saman til ei kommunal eining, Det er fortsatt to kommunale barnehagar som har felles leiing. Ringstad barnehage er lokalisert like ved Stranda ungdomsskule og Helstad barnehage ligg i Strandadalen like ved Svemorka industriområde.
Ringstad barnehage har i dag 60 plassar, fordelt på 3 avdelingar. Ei småbarnsavdeling med 24 plassar (12 barn) og to avdelingar med 18 plassar på kvar.
Ringstad barnehage har eit stort og variert uteområde som gir barna gode muligheiter til å utfolde seg fysisk. I tillegg til det store uteområdet disponerer barnehagen eit skogsområde med gapahuk og bålplass, samt at vi har tilgang til ei stor grusbane som er fin å bruke til ulike arrangement.
Barnehagen er open måndag- fredag frå kl. 06.40 til 16.15.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju.
Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtale, herunder 6 mnd prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjarene har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf Offentleglova § 25.
Kvalifikasjonar
- Godkjend utdanning som barnehagelærar
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Ved mangel på søkjarar med fullført barnehagelærarutdanning eller ved internt opprykk kan også andre søkjarar med relevant utdanning og/eller praksis bli vurderte
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, sjølvstendig og fleksibel
- Evne til å kommunisere, rettleie og motivere
- Har helse som er forenlig med ein aktiv og stabil barnehagekvardag
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver
- Lønn etter tariff
Kontaktinformasjon
Susan Aambakk Helsem, Einingsleiar, 46411130, sushel@stranda.kommune.noHilde Langlo Brekke, Assisterande styrer, 46411844, hilbre@stranda.kommune.no
Arbeidsstad
Hevsdalsvegen 446200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 5197296596
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Startdato: 01.01.2027
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 03.11.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.
Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass.
Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt.
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
edc6c54c-f158-4608-8ec3-cdc39d944430
- Sist endret
21. oktober 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1594cc1b4e2646ddb57c87493ccebf05