Eigedomslandmåler
Samferdselsområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune
Fosnagata 12, 6509 Kristiansund N, Borgundvegen 340, 6009 Ålesund, Julsundvegen 9, 6412 Molde
Om jobben
Stillingstittel
Eigedomslandmåler
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest mandag 3. november
Møre og Romsdal har 3014 km med fylkesveg – ei strekning som tilsvarar ein køyretur frå Møre og Romsdal til Roma. Langs denne strekninga arbeider vi dagleg med driftsoppgåver, og vi skal investere over 2 milliardar kroner i ny veginfrastruktur dei neste fire åra. På alle prosjekt som rører ved eigedomsgrenser, har vi behov for ein eigedomslandmålar. I tillegg treng fylkesvegavdelinga bistand til eigedomsavklaringar mot dei om lag 53 000 naboane langs fylkesvegnettet. Vi er med det ein av fylkets største grunneigarar, og heilt klart fylkets største nabo. Er du vår nye kollega
Du blir fast tilsett i plan og trafikkseksjonen, som er ein del av fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi har kontorstadar i Molde, Ålesund og Kristiansund og du kan sjølv velje kontorstad. Du må rekne med ein del bilkøyring i heile fylket og til dei ulike kontorstadane. Du vil jobbe tett mot grunnervervarane i seksjonen, og dei har i dag kontorstad Ålesund. Fysisk eigedomsarkiv er plassert i Molde.
Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegane. Plan- og trafikkseksjonen har ansvaret for dei fleste forvaltningsoppgåvene knytt til fylkesvegane i fylket. I dette ligg mellom anna arbeid med forvaltning og prosjektering knytt til bru- og ferjekai, trafikktryggleik, handsaming av saker etter plan og bygningslova, trafikkteknikk, vegplanlegging og utarbeiding av regulerings- og kommunedelplanar, eigedom og grunnspørsmål, tilstandsregistrering, vegdata og geodataarbeid.
Arbeidsoppgåver
- Innmåling av grenser som følge av vegprosjekt/driftsprosjekt- Endring av grenser som følge av opprydding i eigedomsforhold og matrikkelføring
- Bistand ved eigedomsforvaltning
- Gjennomføre oppmålingsforretning
- MRFK sin representant ved oppmålingsforretningar langs fylkesvegnettet
Kvalifikasjonar
Vi søker deg som harautorisasjon som landmålar eller som oppfyller krava til godkjenning, jf. matrikkelforskriften § 64b. For nærare beskriving, sjå https://www.kartverket.no/eiendom/autorisasjon-av-eiendomslandmalere.
Personlege eigenskapar
Vi ønsker i tillegg at du:- er god på å kommunisere og skape relasjonar
- arbeider systematisk, er detaljorientert og nøyaktig
- tek initiativ og arbeider sjølvstendig, systematisk og målretta
- er fleksibel og løysingsorientert
- liker variasjon mellom arbeid på kontor og ute i felt
Vi tilbyr
- ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Anna Myrstad Strand, Teamleiar , 928 08 150, anna.myrstad.strand@mrfylke.noJohn Hauger, Seksjonsleiar , 41298652, john.hauger@mrfylke.no
Arbeidsstad
Julsundvegen 96412 MOLDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5028747673
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling.
FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måte
Fylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal.
Samferdselsområdet har et solid kompetansemiljø innen sine fagområder.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Samferdselsområdet (mrfylke.no)
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ed1342b5-cd3a-4542-9a41-beb7d6ad9cee
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5e6c9fdeaa05405d94421fc45815a012
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Lostjenesten, Kystverket
Sted
Kristiansund N, Kristiansund, Ålesund
Arbeidsgiver
Prosjekt, Miljø og samferdsel, Kommunalområde Samfunn
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Ulstein kommune, Eigedomsavdeling
Sted
Ulsteinvik