Hopp til innhold

Medisinsk fysiker med funksjon som strålevernkoordinator

Arbeidsgiver

HELSETENESTEUTVIKLING, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 1, 6017 Ålesund

Om jobben

Oppstart
1. januar 2027
Stillingstittel
Medisinsk fysiker med funksjon som strålevernkoordinator
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest onsdag 9. desember

Ønsker du ei fagleg utfordrande stilling der du får bidra til kvalitet, pasientsikkerheit og eit trygt arbeidsmiljø?

Vi søker ein medisinsk fysiker med funksjon som strålevernskoordinator.

Du får ei sentral rolle i å koordinere og vidareutvikle arbeidet med strålevern i Helse Møre og Romsdal. Du vil vere ein viktig rådgiver for leiarar og fagmiljøer og bidra til at praksis, rutiner og styringssystem er i tråd med gjeldande krav.

Stillinga er organisatorisk plassert i Seksjon for helsetjenesteutvikling, med fagleg rapportering direkte til fagdirektør i strålevernfaglege spørsmål. Du vil samarbeide på tvers av klinikkar og fagområder, blant anna med medisinske fysikere, radiologer, radiografer, HMS-personell og andre fagmiljø. Rolla kombinerer fagleg rådgivning og koordinering med systematisk kvalitets- og forbetringsarbeid. Det må påregnast reisevirksomheit mellom sjukehusa.

Startdato kan avtalast.

Vi ber om du laster opp attestar og vitenmål i søknaden din.


Arbeidsoppgåver

  • koordinere og følge opp strålevernarbeidet og strålevernorganisasjonen i Helse Møre og Romsdal
  • gi faglege råd til leiarar, lokale strålevernkontakter og fagmiljøer innan strålevern og regelverk
  • organisere og leie strålevernutvalget i Helse Møre og Romsdal
  • koordinere oppfølging mot Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA), og bidra ved rapportering
  • følge med på endringar i regelverket og bidra til at nødvendige krav blir implementert i virksomheita
  • utarbeide, vedlikeholde og revidere prosedyrer innan strålevern
  • delta i risikovurderinger og internrevisjoner, og følge opp avvik, uønska hendelsar og forbetringstiltak
  • koordinere dosimetritjenesten for ansatte og følge opp persondoser
  • bidra til pasientstrålevern og oppfølging av hendelser med mulig betydning for pasientsikkerheten
  • planlegge og koordinere opplæring og kompetansetiltak innan strålevern
  • bidra ved anskaffelse, innføring og utfasing av utstyr som er omfatta av strålevernregelverket
  • delta som fagleg rådgiver i relevante prosjekter og arbeidsgrupper

Kvalifikasjonar

Vi søker deg som har:

  • universitetsutdanning på masternivå eller tilsvarende, med relevante fag innen fysikk
  • dokumentert kompetanse innan strålevern
  • god kunnskap om relevant regelverk og krav innan strålevern
  • gode norskkunnskaper, både muntleg og skriftleg
  • erfaring med strålevernarbeid fra spesialisthelsetjenesten eller anna relevant virksomheit
  • erfaring med kvalitetsarbeid, risikovurdering, internkontroll og revisjon
  • erfaring med rådgivning, undervisning eller kompetanseutvikling

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • arbeider strukturert, systematisk og sjølvstendig
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og trivst med å samarbeide på tvers av fagområder
  • er fagleg trygg og kan gi tydeleg og gode begrunna råd
  • har god rolleforståelse og evne til å balansere myndigheitskrav, faglege vurderingar og behov i virksomheita
  • er analytisk og har evne til å sjå sammenheng, vurdere risiko og identifisere forbetringsbehov
  • tek initiativ og følger opp saker til dei er gjennomført
  • bidrar konstruktivt til utvikling, læring og kontinuerlig forbetring

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter avtale
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

 

Kontaktinformasjon

Vidar Hagerup, Kvalitetssjef, +47 924 48997, Vidar.Hagerup@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 1
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5206131348
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2027
Søknadsfrist: 09.12.2026

Kontaktperson for stillingen

Vidar Hagerup

Kvalitetssjef

+47 924 48997

Vidar.Hagerup@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

eca444d5-63c8-4c4d-a847-9b116eff2445

Sist endret

25. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

34c9597181bf494a86a7b6a4ec420473

Lignende annonser

Laster lignende annonser